Eit universitet midt i Europa

Både astronomen Nicolaus Kopernikus og pave Johannes Paul den andre har vore studentar ved Universitetet i Krakow. No håpar rektor Karol Musiol at pengeinnsprøytingane til EU-landet Polen frå EØS-landet Noreg kan føra til eit auka forskingssamarbeid mellom dei to landa. Bli med Uniforum på ein rundtur ved Polens eldste universitet.

IKKJE SETT: - Det er klart at eg har høyrt om desse pengane. Men førebels har me ikkje sett noko til dei, fortel rektor Karol Musiol i ein kommentar til forskingspengane Noreg har løyvd til Polen.
Foto: Ståle Skogstad

Den spede starten på Universitetet i Krakow kom på initiativ frå kong Casimir den store i 1364. Men det blei formelt grunnlagt av kong Vladislaus Jagiello i 1400. Det var her astronomen Nicolaus Kopernikus utvikla ideen om at jorda går rundt sola og at pave Johannes Paul den andre studerte filosofi og seinare underviste i teologi og etikk. Berre to gonger har universitetet vore stengt. Den første gongen var under den svenske okkupasjonen i 1655, og den siste gongen var under den tyske okkupasjonen under Den andre verdskrigen.

I dag har universitetet 42 000 studentar og 6500 tilsette og er saman med Universitetet i Warzawa Polens beste universitet. Universitetet kan bli eitt av dei polske universiteta som får glede av pengestraumen frå Noreg til Polen. I samband med utvidinga av EU, har EØS-landa Noreg, Island og Liechtenstein forplikta seg til å løyva rundt fem milliardar kroner til Polen frå 2004 til 2009. 98 prosent av desse pengane skal koma frå Noreg. Og ti prosent av pengane skal gå til forsking.

- Eit mysterium

I Collegium Novum midt i gamlebyen held rektor Karol Musiol til på eit stort og staseleg kontor. Han er klar over denne pengepakka.

- Det er klart at eg har høyrt om desse pengane. Men førebels har me ikkje sett noko til dei. Difor ser me framleis på det som eit stort mysterium at me ikkje har fått vita noko meir om dei frå offisielt hald i Polen.

- Vil forskargrupper ved Universitetet i Krakow søkja om å få litt av desse pengane?

- Ja, det er klart at dei vil gjera det. Både miljøforsking og andre forskingsområde vil vera aktuelle. Dessutan kan me også tenkja oss å søkja om pengar for å få digitalisert dei historiske boksamlingane til universitetsbiblioteket vårt, seier han. Eit universitets- og forskingssamarbeid med Noreg passar også inn i planane for internasjonalisering ved Universitetet i Krakow.

- Målet vårt er å samarbeida nært med både Sverige og Noreg. Me er også i ferd med å oppretta eit eige institutt for skandinaviske studium. For å diskutera desse planane og andre saker, drar eg neste veke til Noreg for å møta den norske kunnskapsministeren Øystein Djupedal. Då vil eg truleg også treffa representantar for rektoratet ved Universitetet i Oslo, fortel han til Uniforum.

Hadde sommarjobb i Oslo

Det blir andre gong han drar til Noreg.
- I 1967 var eg i Oslo og hadde sommarjobb på eit trykkeri. Då hadde eg mange fine turar ut i Oslofjorden, men det eg hugsar aller best, var at eg kunne gå på kino og sjå Doktor Zhivago basert på romanen av den russiske forfattaren Boris Pasternak. Både boka og filmen var sensurert i det kommunistiske Polen. På den tida var Noreg fleire tiår borte frå Polen, på 1980-talet var det berre Østersjøen som skilde oss, medan Noreg no berre er ein to timar lang flytur borte, konstaterer han med eit smil.

Og han trekkjer gjerne fram populariteten til det engelskspråklege medisinstudiet blant norske studentar.

- I dag går det rundt 150 norske medisinstudentar på dette studiet, som har blitt ein fantastisk stor suksess for universitetet. 95 prosent av dei norske studentane fullfører studiet. Og det er fleire norske søkjarar enn me kan ta opp på det studiet. Eg vil difor oppfordra norske studentar til å ta andre fag ved Universitetet i Krakow også, seier han.

Han trekkjer fram Det jødiske kvarteret, kulturlivet og den akademiske kulturen i byen som trekkplaster for norske studentar.

- Me har planar om å ta med oss studentar frå både Trondheim og Oslo, slik at dei kan bli ambassadørar for Krakow i universitetsbyane sine, håpar han.

Blant dei polske studentane framhevar han gjerne informatikkstudentane.

- Dei har som regel alltid vunne internasjonale konkurransar i programmering, sist i San Antonio i Texas. Universitetet i Krakow vil også satsa på å byggja ein teknologipark med forskingsbaserte bedrifter. Det er høgteknologi Krakow og Polen treng. Tungindustri har det vore meir enn nok av, slår han fast.

- Kan pusta trygt som NATO-medlem

Rektor Karol Musiol er fysikkprofessor og forska både i USA, Frankrike og i Tyskland medan Polen var eit kommunistisk land. Han meiner Polen har mista 50 år av utviklinga si på grunn av kommunisttida.

- Viss det totalitære styret var vondt, var det på grunn av at det kasta bort livet til så mange personar. Først då Polen blei NATO-medlem kunne me pusta trygt og vera overtydde om at me hadde vunne fridomen vår tilbake, seier han til Uniforum.

Ynskjer fleire norske studentar

På den andre sida av gata, på kontoret for internasjonal studentutveksling for humanistiske fag, treffer me studierådgjevar Anna Stadnicka. Ho hadde gjerne sett at fleire norske studentar valde å ta eit studieopphald ved desse to fakulteta.

- I dag er det to norske studentar her og to polske studentar i Oslo. Det er altfor få, men eitt av problema er at levekostnadene for polske studentar i Noreg er for høge. Dermed må dei få støtte frå foreldra eller andre for å ha høve til å ta eit fullt studium i Noreg. Sidan dei fleste polske studentane vil vera heiltidsstudentar for å få mest mogleg kontakt med forelesarane og medstudentane, vil dei helst ikkje arbeida ved sida av studia, konstaterer ho. Studieåret 2005-2006 var det til saman rundt 300 Erasmus-studentar på HF- og SV-fakulteta.

- Mange av dei kjem frå Spania, Tyskland og Frankrike og kan ikkje eit ord polsk. Det var difor eit stort problem for Polen å få utanlandske Erasmus-studentar hit. Det var grunnen til at universitetsleiinga for fem år sidan bestemte seg for å oppretta fleire engelskspråklege universitetskurs for utanlandske studentar. Dermed er det lettare å få studentar hit.

- Kvifor kjem dei til Krakow for å studera?

- Mange vil studera emne som dei ikkje kan ta i heimlandet sitt. Til dømes polsk historie eller Polens syn på EU. Eit av dei mest populære kursa handlar om Holocaust, medan eit anna populært kurs er ein forelesingsserie om filosofi, fortel ho.

- Og kva vil polske studentar studera i Noreg?

- Dei har lyst til å vita meir om Noreg enn stereotypiane om vikingane. Andre vil ta eit studium med ein norsk forskar som er spesialist på interessefeltet til dei polske studentane, seier Anna Stadnicka.

Stortrivst i Krakow

Tre kvartal frå marknadsplassen i Krakow ligg bygningen Theatrum Anatomicum. Der held dei norske medisinstudentane til i godt selskap med sine amerikanske og kanadiske medstudentar. Me råkar på Sebastian Orskaug, Iver Vølstad, Hans Kristian Valset og Jørgen Perminow rett etter at dei har hatt ein eksamen i biokjemi. Dei kan ikkje få fullrost medisinstudiet nok.

- Me stortrivst her fordi det er eit godt internasjonalt studiemiljø samtidig som det blir ekstra godt blant dei norske studentane. Kvaliteten på undervisninga er også svært god, seier dei i kor.

- Men saknar de ikkje kontakten med polske studentar?

- Me lærer polsk i barane og kan berre kommunisera med dei polske studentane på engelsk. Men me har kurs i medisinsk polsk, og då hjelper dei oss gjerne med vanskelege ord og uttrykk. Kurset i medisinsk polsk er naudsynt for at me skal kunna forstå pasientar og andre kollegaer når me har praksis på sjukehusa i Krakow, fortel Vølstad og Perminow. Dei synest også det er ein fordel at det er få studentar.

- Det er berre 60 studentar i kvar klasse. Dermed blir det få studentar for kvar lege når me er ute i praksis. Det gjer også at me blir godt kjende med dei norske studentane som er komne lenger i medisinstudiet, seier Valset og Orskaug.

- Men kvifor valde de å studera medisin i Krakow?

- Eg kjende ein som hadde vore student her og han rådde meg til å ta medisinstudiet i denne byen. Dessutan har medisinutdanninga i Krakow eit svært godt ord på seg, fortel Iver Vølstad.

- Eg syntest det kunne vera godt med nye impulsar. Og då trong eg ikkje å vera i Oslo heile tida, fortel Jørgen Perminow. Alle vil få same rett til å praktisera som legar i Noreg som dei som tar medisinstudiet heime.

- Vilkåret er at me arbeider fire veker på eit norsk sjukehus kvar sommar, seier Vølstad og Orskaug.


Fakta om Universitetet i Krakow:
- stifta av kong Casimir den store i 1364
- formelt etablert av kong Vladislaus Jagiello i 1400
- eig. Det jagiellonske universitetet
-har 42 000 studentar og 6500 tilsette
- vald rektor: Karol Musiol
Fakta om Polen-avtalen:
- Noreg har gjennom EØS-avtalen forplikta seg til å gi Polen rundt 5 milliardar kr. i økonomisk støtte i perioden 2004-2009
- ti prosent skal gå til forsking
- norsk-polsk forskingsfond er etablert og blei godkjent av Polen i april 2006
- eit stipend- og utdanningsfond og eit såkornfond er under planlegging

(Kjelder: Alma Mater Jagellonica, Encyclopedia Britannica, Store Norske, Europaportalen og Noregs forskingsråd)

Emneord: Polen, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 13. nov. 2006 14:06 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere