Vil vedta redaktørplakat for Uniforum og Apollon

Uniforum og Apollon kjem truleg til å bli redigerte etter Redaktørplakaten etter nyttår. Det er klart etter at Universitetsstyret i dag stemte for å gå inn for å vedta ei slik ordning i neste møte 17. januar 2005.

REDAKTØRPLAKAT: Redaktørane Martin Toft (t.v.) og Johannes W. Løvhaug får truleg redigera Uniforum og Apollon etter Redaktørplakaten neste år.
Foto: Ola Sæther

Det var styrerepresentant Kristian Gundersen som for to veker sidan foreslo at Uniforum burde få ei friare stilling og redigerast etter Redaktørplakaten. Han gjorde det samtidig klart at det også måtte gjelda for Apollon.

I dag stemte altså Universitetsstyret samrøystes for forslaget frå Kristian Gundersen. Det går ut på at Universitetsdirektøren skal koma med eit framlegg om ei friare stilling for Uniforum ved at avisa skal redigerast etter Redaktørplakaten. Framlegget skal presenterast på styremøtet 17. januar 2005. Universitetsdirektør Inger Stray Lien vil også inkludera forskingsmagasinet Apollon i ei slik ordning, går det fram av sakspapira.

Tidsplan og konsekvensar

Den endelege framlegget skal innehalda ein analyse av kva formelle og praktiske konsekvensar endringa får, og ein tidsplan for gjennomføringa. No har både Uniforum og Apollon kvar sine formålsparagrafar. Informasjonsdirektør Helge Kjøllesdal har på oppdrag frå Universitetsdirektøren omformulert formålsparagrafane til vedtekter som er tilpassa innhaldet i Redaktørplakaten.

Framleis drifta av Informasjonsavdelinga

Viss Universitetsstyret gjer endeleg vedtak om ei slik ordning i neste møte, vil det gi redaktørane fullmakt til å redigera publikasjonane i samsvar med prinsippa i Redaktørplakaten. Men Informasjonsavdelinga skal framleis ha den økonomiske og administrative ansvaret for den praktiske drifta av Uniforum og Apollon. Også nettsidene til dei to publikasjonane vil koma inn under ei slik ordning. Tenestemannslova vil også gjelda for dei to redaktørane. Det skal også oppnemnast to styre for dei to tidsskrifta.

Emneord: Uniforum nett no, Apollon, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 21. des. 2004 11:43 - Sist endra 10. des. 2008 16:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere