Ekspertar: - Kina kan pressast til etisk handel

- Multinasjonale selskap kan pressast av studentar og forbrukarar til å respektera arbeidarane sine faglege rettar ved fabrikkar i Kina. Det meiner Serena Lillywhite i den australske organisasjonen Brotherhood of St. Lawrence , som også eig fabrikkar i Kina.

FORDEL: - Det vil i framtida vera ein konkurransefordel for Kina om landet kan visa til at dei tilsette i industrien har gode arbeidsvilkår, trur Serena Lillywhite (t.v.) og Yoli Ge.
Foto: Martin Toft

Serena Lillywhite er altså overtydd om at det er studentar og andre forbrukarar som må pressa dei multinasjonale selskapa til å betra vilkåra for dei tilsette på fabrikkane sine i Kina.

- Eg kan visa til den amerikanske sportsutstyrsprodusenten Nike. Etter at ikkje-statlege organisasjonar og pressa hadde sett søkjelyset på forholda til arbeidarane ved fabrikkane deira i Indonesia, sette amerikanske studentar og andre forbrukarar i gang ein verdsomfattande forbrukarboikott av produkta til Nike. Det førte til at selskapet sette i gang arbeidet med å betra arbeidsvilkåra for sine tilsette i den tredje verda. Desse selskapa er nemleg livredde for at merkenamnet deira skal bli tilsmussa, meiner Lillywhite.

Både ho og Yoli Ge, som leier Kina-kontoret til den amerikanske organisasjonen Global Alliance for Workers and Communities, heldt foredrag om korleis det er mogleg å driva etisk handel med Kina på ein konferanse som blei skipa til av Kinaprogrammet til Norsk senter for menneskerettar og Initiativ for etisk handel i førre månad.

Godt lovverk, dårleg praksis

Begge vedgår at arbeidsforholda i kinesiske fabrikkar slett ikkje er gode samanlikna med standarden i fabrikkar i Europa, Canada og USA.

- Kina har likevel betre lover om faglege rettar, arbeidarvern og arbeidsmiljø enn dei fleste OECD-landa. Teoretisk er det difor ikkje noko i vegen med lovgjevinga i Kina. Samtidig er det eit faktum at det er billeg arbeidskraft som er hovudårsaka til at verdas største selskap satsar opptil 80 prosent av utanlandsinvesteringane sine i Kina, seier Serena Lillywhite. Mange bedriftsleiarar ser at dei tilsette både kunne hatt det betre og fortent ei høgare løn.

- Problemet er at dei då fryktar at dei vil bli utkonkurrerte av land som til dømes Vietnam, som har enda billegare arbeidskraft, supplerer Yoli Ge. Hennar organisasjon held til i Guangzhou i Guangdong i Sør-Kina der den driv eit internt opplysningsarbeid i ein del utvalde fabrikkar.

Underviser i god leiing

- Me har funne ut at over 30 prosent av arbeidarane i desse fabrikkane har opplevd at sjefen eller arbeidsformannen deira har skrike til dei, dersom dei ikkje har vore nøgde med jobben dei har gjort. Som regel er det mellomleiarane som behandlar arbeidarane på denne måten. Difor har me drive undervisning i god leiing, i arbeidsmiljø og i arbeidarrettar for mellomleiarar og arbeidsformenn, fortel Yoli Ge. Mange av arbeidarane kjem frå landsbygda og rundt 80 prosent av dei er kvinner.

- Med så mange kvinner og så få menn er det vanleg at dei skiftar seksualpartnarar svært ofte. I byane, langt frå foreldre og andre slektningar, har dei heller ingen sosial kontroll over kva dei driv på med. Denne nyvunne fridomen er det ikkje alle som taklar like godt. Mange jenter blir også seksuelt utnytta både av mannlege sjefar og kollegaer. Oppgåva vår går ut på å fortelja jentene at seksuelle overgrep må meldast til politiet, og overtyda dei om at dei ikkje må frykta å bli oppsagde på grunn av det, fortel ho. Dette arbeidet vil organisasjonen hennar halda fram med.

Gode arbeidsvilkår kan bli ein fordel

- Me trur begge at det i framtida vil vera ein konkurransefordel for Kina om landet kan visa til at dei tilsette i det kinesiske industrien har gode arbeidsvilkår. Difor bør norske og andre selskap som ynskjer innpass i landet leggja inn eit avsnitt i ein eventuell kontrakt om at det vil syta for gode arbeidsvilkår for dei tilsette i verksemdene sine, foreslår Lillywhite, som heilt uventa fekk ein kinesisk fabrikk i hendene då organisasjonen hennar arva eit selskap som produserte briller.

- Store delar av produksjonen skjedde i Kina, og vanleg standard for arbeidsvilkår og arbeidsmiljø blei heller ikkje fylgde i fabrikkane som me brått blei eigarar av. I samarbeid med fabrikkleiinga og arbeidarane har me klart å betra arbeidsvilkåra i høve til korleis dei var før. Men dei oppfyller nok ikkje dei krava som me ville ha sett til ei verksemd i Vesten, vedgår ho.

Yoli Ge og Serena Lillywhite er overtydde om at Kina er på rett veg.

- Og dersom selskap som investerer i Kina også etter beste evne prøver å gi dei tilsette gode arbeids- og lønsvilkår, vil dei vera med å byggja opp det kinesiske samfunnet både sosialt og økonomisk, er dei einige om.

Fakta om Kinas økonomi:
Folketal: 1 milliard 288 millionar 400 tusen (2003)
Verdas sjette største økonomi framfor land som Italia, Canada og Spania
Har eit bruttonasjonalprodukt som er like stort som den samla økonomien til Noreg, Sverige, Danmark og Finland
Økonomisk vekst i 2004: 9,5 prosent (tre første kvartal)
Inflasjon: 4,1 prosent
Auke i investeringar siste året: 27,8 prosent
Auke i industriproduksjon siste året: 17,6 prosent
Samla utanlandsinvestering i 2002: 377 milliardar kroner

Kjelder: Verdas handelsorganisasjon, ntb, Økonomisk Rapport

Emneord: Kina Av Martin Toft
Publisert 6. des. 2004 15:42 - Sist endra 10. des. 2008 14:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere