Arild Underdal seier nei til ny rektorperiode
Rektor Arild Underdal har bestemt seg for ikkje å ta attval som rektor. Ein av grunnane til at han går etter denne perioden, er at han synest åtte år som rektor blir for mykje. - Akkurat som i ein stafett må ein tenkja over korleis ein vil kjenna seg på siste del av etappen og ikkje berre på den første delen. Konklusjonen blei altså at eg ikkje er trygg på at eg ville vera nok på hogget på slutten av ein ny rektorperiode, fortel Underdal til Uniforum.

Rektor Arild Underdal legg heller ikkje skjul på at kona også har hatt eit ord med i laget når han no har bestemt seg for ikkje å stilla til attval under rektorvalet til våren. Han avviser at debatten om universitetsdemokratiet i massemediene har spelt noko rolle for kva han til slutt bestemte seg for.
- 95 prosent av avgjerda tok eg då eg var på ferie i Steigen i sommar og det var hjernen og ikkje hjarta som fekk bestemma, seier han til Uniforum.
- Ein god ven gav meg like etterpå det rådet at eg burde lata den avgjerda liggja og lagra ei stund for å sjå om eg ville vera like nøgd med den både når eg opplevde rektorrolla som mest gjevande og når eg opplevde den som mest slitsam. Det rådet fylgde eg og eg er framleis overtydd om at det var ei rett avgjerd, slår han fast.
Utsette kunngjeringa
Planen var at han skulle kunngjera avgjerda si overfor Universitetsstyret i møtet 16. november.
- Men då utsette Styret førebuinga av rektorvalet og med den omfattande debatten om universitetsdemokratiet i avisene, gjorde at eg og dei næraste medarbeidarane mine fann ut at det var lurare å venta med kunngjeringa til rett før Universitetsstyrets siste møte 21. desember, avslører han.
Den aller viktigaste grunnen til at han ikkje vil halda fram som rektor, er funksjonstida på fire år.
- Då eg blei valt til rektor var valperioden berre på tre år. No er den blitt på fire. Det vil seia at eg ville ha vore 63 år og ha sete som rektor i åtte år om eg hadde blitt attvald. Det er lenge. Så det var på ingen måte redselen for at eg skulle knekkja saman mentalt eller fysisk, men eg var redd for at eg ikkje skulle ha energi nok til å vera ein god pådrivar gjennom heile den neste perioden. Då var det heller faren for at eg ikkje skulle vera flink nok til å ta initiativ heile tida, seier han.
Mindre konfliktfylt enn frykta
Underdal viser til at han også var prorektor i tre år under
Lucy Smiths første rektorperiode.
- Difor får eg på ingen måte dårleg samvit av at eg takkar
nei til å stilla opp som kandidat under det komande
rektorvalet, seier han. - I det store og det heile synest eg
at Universitetsstyret har stått samla i dei viktigaste sakene
i denne perioden. Faktisk så hadde eg trudd det ville ha vore
meir konfliktar enn det har vore, presiserer han.
Underdal vedgår at han har trivest godt i rektorrolla og at
han kunne tenkt seg eitt år til.
- Eg har hatt ein utruleg spennande jobb og fått arbeidd
saman med mange flotte medarbeidarar i denne tida. Diverre er
det for mange døme på toppleiarar som ikkje trekkjer seg i
tide og slik gjer organisasjonen sin ei bjørneteneste. Eg
kunne ikkje tenkja meg å sitja så lenge i rektorvervet at
folk ville sjå fram til den dagen eg skulle døy eller bli
boren ut av kontoret, seier han tørt.
Tilbake til forskinga
No vil han venda tilbake til professorkontoret sitt ved
Institutt for statsvitskap.
- Vikaren min er vel ikkje så glad for at eg vender tilbake,
men eg håpar i alle fall instituttet finn noko som dei kan
bruka meg til. Dessutan tar eg gjerne på meg fleire
interessante styreverv. I dag sit eg i styret for
Forskingsrådet og for Århus Universitet, og desse verva har
vore svært lærerike for meg.
- Er du ikkje redd for at du vil bli ein av dei som kjem til å klaga på Kvalitetsreforma og dei dårlege vilkåra for forskarane når du vender tilbake til forskargjerninga?
- Tidlegare var det så mange studentar på fagområdet mitt at me visste at me ikkje kunne gi dei ei forsvarleg oppfylging. I dag er det sett eit tak på studieplassar på det faget, og sjølv om krava til oppfylging er skjerpa, har me eit betre utgangspunkt, meiner han.
Rektorvalet vil truleg haldast i mai 2005.
- Og eg vil gjerne minna om at både Anne-Brit Kolstø og eg
vil stå på heilt fram til 31. juli då me har den siste
arbeidsdagen som høvesvis prorektor og rektor, understrekar
han.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere