Tar strupetak på Universitas

- Både redaktøren og styret for Universitas kan bli vengeklipte om Studentparlamentet vedtar framlegget til ny mediepolitisk plattform. Det fryktar Universitas-redaktør Marianne Johansen . Ho går hardt ut mot forslaget og får støtte frå Dagblad-redaktør John O. Egeland og medieprofessor Sigurd Allern .

VENGEKLIPT: Universitas-redaktør Marianne Johansen føler at studentpolitikarar ynskjer å vengeklippa studentavisa.
Foto: Martin Toft

Studentparlamentet skal førstkomande torsdag 11. november stemma over eit framlegg som blant anna vil påleggja redaktøren ikkje å betala honorar til journalistar og fotografar. Eit utval leia av studentpolitikar Kim Rand-Hendriksen står bak forslaget til ny mediepolitisk plattform. I eitt av punkta går det fram at utvalet vil at berre redaktørar og mellomleiarar skal få løn for jobben dei gjer i Universitas.

- I dag får ein journalist berre mellom 250 og 600 kroner for ein artikkel i avisa. Det fører til at nokon av dei ikkje treng ha fleire deltidsstillingar ved sidan av studiane. Om dei skal jobba for oss utan å få lønn for det, vil dei vera nøydde til å ha enda ein deltidsstilling, spår redaktør Marianne Johansen. Den mediepolitiske plattforma skal fungera som premissgrunnlag for mediepolitikken til det nye Velferdstinget. Det er ein nyoppretta organisasjon for saker som har å gjera med studentvelferd.

- God nok kontroll

- Studentparlamentet har allereie godt nok høve til å utøva kontroll over Universitas ved at det har tre representantar i styret. Ein av representantane er styreleiar og har difor dobbeltstemme. Det er styret som tilset redaktør, og på den måten kan dei påverka avisa i den retninga dei ynskjer. Om det skulle koma føringar på kva avisa og redaktøren skulle driva med frå Studentparlamentet, så vil det ikkje vera mykje igjen å bestemma for styret, konstaterer ho. Ho karakteriserer dette som eit grovt åtak på pressefridomen.

- Ja, det verkar nesten som om medlemane i dette utvalet har gløymt at avisa blir redigert etter Redaktørplakaten som gjer det heilt klart kva som er rolla til redaktøren og kva som er rolla til styret og eigarane, synest ho og understrekar at ho gjerne vil rydda opp i ei klar misforståing.

- Det verkar som om mange studentpolitikar trur at studentar blir rike av å jobba for Universitas. Statistikken vår viser derimot at ein frilansar hos oss i gjennomsnitt tener rundt 500 kroner i månaden. Om det heller ikkje skulle vera mogleg å få betala eit honorar for ein artikkel, vil kvaliteten på avisa gå ned og det ville vera vanskeleg å koma ut ein gong i veka 34 gonger i året, trur Johansen. Ho forstår at Studentparlamentet oppfordrar studentar til å driva mest mogleg frivillig arbeid utan å ta betaling for det.
- Likevel meiner eg at det å jobba som journalist i Universitas kjem i ei særstilling. Då skal det utøvast ein stor grad av profesjonalitet også, meiner ho. I løpet av eitt år betalar avisa ut rundt 500 000 kroner i honorar til frilansjournalistar. Det er Studentparlamentet som løyver pengar til drifta av Universitas.

Får støtte

Universitas-redaktør Marianne Johansen får støtte frå tidlegare sjefredaktør i Dagbladet, John O. Egeland, som også sit i styret for Universitas. I ei fråsegn han har sendt studentavisa, går det fram at han ser ein klar veikskap i framlegget til ny mediepolitisk plattform.

"En tankegang som synes å bygge på at parlamentet har en slags konsesjonsgivende myndighet. Det har verken SiO eller studentpolitikerne," understrekar han. Egeland ber til slutt studentpolitikarane om å ta omsyn til studentavisa i denne saka.

"Jeg oppfordrer studentpolitikerne til å legge rammer for Universitas som er langsiktige på det økonomiske området og prinsipielle når det gjelder den redaksjonelle uavhengigheten," skriv Egeland. Også medieprofessor Sigurd Allern skriv i sin kommentar, sitert i Aftenposten, at "bevilgende myndigheter bør aldri leke redaktør".

Forsvarar forslaget

Det er studentpolitikar Kim Rand-Hendriksen som har leia utvalet som har lagt fram forslaget til ny mediepolitisk plattform. Han forsvarar forslaget om at Universitas ikkje skal betala honorar til journalistane.

- Me held på å laga ei mediepolitisk plattform som skal gjelda for alle studentmedium. Det er spesielt aktuelt etter at Bedriftsøkonomisk institutt også blir med i Studentsamskipnaden i Oslo. Det er ikkje sikkert at BI-studentane ynskjer seg Universitas, så difor prøver me å laga reglar som blir opplevde som rettferdige også i høve til moglege BI-medium, understrekar han, og viser rett nok til at ein av dei tre utvalsmedlemane ikkje var einig i kravet om ikkje å betala løn til journalistar.

- Fryktar du ikkje at kvaliteten på Universitas går ned om dei berre skal basera seg på frivillige frilansjournalistar?

- Nei, det gjer eg ikkje, for det er heile tida så mange studentar som ynskjer å skriva. Og akkurat som Universitas sjølv peikar på: når studentar har hatt noko på trykk i Universitas, er det lettare å få jobb i andre aviser, trekkjer Rand-Hendriksen fram.

Emneord: Studentforhold, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 10. nov. 2004 14:53 - Sist endra 10. des. 2008 15:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere