Studentparlamentet vedtok likevel ikkje det omstridde forslaget til ei felles mediepolitisk plattform for alle studentmedium ved utdanningsinstitusjonar som er medlem i Studentsamskipnaden i Oslo. Forslaget blei utsett og oversendt til Velferdstinget, som skal etablerast 2. desember. Dette tinget skal overta alle saker som er relatert til Studentsamskipnaden, blant anna studentmediene Universitas og Radio Nova, men også studentavisa på BI, sidan den utdanningsinstitusjonen blir med i SiO frå 2005. Men saka vil ikkje koma opp i Velferdstinget før etter nyttår.
I fylgje leiar for Studentlparlamentet, Eirik Nedrelid, var det leiaren for utvalet som hadde lagt fram forslaget til mediepolitisk plattform, Kim Rand-Hendriksen som sjølv gjekk opp på talarstolen og bad om at forlaget blei utsett og oversendt Velferdstinget.
- Bakgrunnen var at det var uklart kva rolle Studentparlamentets medlemar i styret til Universitas skulle ha i høve til det framtidige mediestyret til Velferdstinget. Dei ville gjerne jobba meir med forslaget og lata det bli endeleg vedtatt av Velferdstinget i byrjinga av 2005, slår Nedrelid fast.
Nøgd Universitas-redaktør
Dersom forslaget hadde blitt vedtatt, ville studentavisa
Universitas truleg fått eit krav om at redaktøren ikkje
skulle betala honorar til journalistar og fotografar.
- Det ville ha ført til at kvaliteten på avisa hadde blitt
mykje dårlegare, sa Universitas-redaktør Marianne Johansen
til Uniforum tidlegare denne veka. Etter vedtaket om å
utsetja forslaget, ser ho litt lysare på situasjonen.
- Ja, det er me svært nøgde med og det viser at
Studentparlamentet tar studentmediene på alvor og gjer ein
grundig jobb med mediepolitikken sin. Me håpar at det
endelege vedtaket blir noko som me kan leva med når saka kjem
opp i Velferdstinget etter nyttår, seier Johansen.
Forslaget blei lagt fram av eit mediepolitisk utval, som blei
sett ned av Studentparlamentet tidlegare i år. Utvalet er
altså leia av studentpolitikar Kim Rand-Hendriksen,
men også tidlegare leiar for Studentparlamentet, Ingrid
Stranger-Thorsen og studentpolitikar Sten Ånnerud
er medlemar.
Hovudmålet er altså at studentmediene skal drivast gjennom
frivillig arbeid. Rett nok ville Ingrid Stranger-Thorsen, ha
inn eit lite atterhald. Difor vile ho ha inn fylgjande
tillegg:(SiO Studentmedier skal) "... tilstrebe frivillig
deltagelse i foreningen. Dette innebærer at det innvilges kun
søknader der foreningenes styrer kan sannsynliggjøre at
eventuelt lønnsbudsjett utover fast administrativt personell
har direkte sammenheng med kvalitetsnivået på
medieproduktet." Det fekk ho ikkje fleirtal for i
utvalet, så difor tok ho dissens på dette punktet.
Både tidlegare sjefredaktør i Dagbladet, John Olav Egeland, medieprofessor Sigurd Allern ved UiO, og generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Nils E. Øy har denne veka gått ut og støtta Universitas-redaktørens argument om at forslaget er eit åtak på pressefridomen og sjølvstendet til studentavisa.
Logg inn for å kommentere