Sykkelsti hindrar sjuketransport

- Pasientane til Det odontologiske fakultetet kan ikkje lenger gå av ved hovudinngangen. Årsaka er ein nylagd sykkelsti som fører til at all stans er forbode. - Oslo kommune varsla oss ikkje om dette, seier Pål Barkvoll som leier Institutt for klinisk odontologi.

BRYSAM SYKKELSTI: - Denne sykkelstien hindrar sjuketransport til Det odontologiske fakultetet, seier Pål Barkvoll som leier Institutt for klinisk odontologi.
Foto: Ola Sæther

Sykkelstien har ført med seg at både parkeringsplassane for funksjonshemma og dei ordinære parkeringsplassane like ved inngangen er fjerna. Dei er blitt flytta til ei av sidegatene. Det fører til at både dei som er dårlege og gode til beins må kryssa ei sterkt trafikkert gate for å koma over til odontologibygningen.

- Stor overrasking

- Sykkelstiar er som regel fornuftig, men i dette tilfellet råkar det verksemda vår heilt direkte. Oslo kommune har ikkje varsla Det odontologiske fakultetet om kva som skulle skje her før me frå ein dag til ein annan brått oppdagar at det er komen ein sykkelsti rett framfor inngangen vår. Dette kom sjølvsagt som ei stor overrasking på alle dei tilsette, fortel Pål Barkvoll.

Han har også prøvd å koma i kontakt med dei ansvarlege i Samferdsleavdelinga til Oslo kommune.

- Det var først i slutten av førre veke eg kom i kontakt med byrådssekretær Gøran Kallemyr, som arbeider for byråd Peter N. Myhre. Han skulle koma hit på synfaring på fredag, men han har enno ikkje dukka opp, seier han, før han slår nummeret til Kallemyr for å høyra om han veit noko meir. Det viser seg at Kallemyr er i Brüssel og enno ikkje har fått gjort noko meir med den saka.

- Urolege for pasientane

- Me er først og fremst urolege for pasientane våre som ikkje lenger kan gå rett inn i ein drosje eller ein personbil etter at dei har fått behandling hos oss. Mange av dei er både gamle og dårlege til beins og mange er avhengige av eigne parkeringsplassar for funksjonshemma. Difor vil me be om at sykkelstien blir lagt i ei anna gate der den ikkje vil koma i konflikt med sjuketransport til Det odontologiske fakultet, understrekar Barkvoll.

Han viser også til at både skulebussar med skulebarn og varetransportar blir råka av at all stans er forbode så lenge det går ein sykkelsti forbi inngangen.

- Så langt er har Samferdsleetaten berre vist til dei generelle reglane. Det vil føra til at pasientanesom blant anna er blitt behandla i narkose, må fraktast til næraste busshaldeplass for der kan drosjane stoppa, seier Barkvoll og slår oppgitt ut med armane.

- Men er det ikkje vanleg med nabovarsel før det blir lagt ein sykkelsti framfor ein bygning?
- Det ser i alle fall ikkje slik ut i dette tilfellet, konstaterer han.

Emneord: Sykkel, Odontologi, Fakultetene Av Martin Toft
Publisert 27. okt. 2004 13:49 - Sist endra 10. des. 2008 15:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere