På årets statsbudsjett fekk Norsk Ordbok i første omgang ei løyving på 6,86 millionar kroner og seinare ei ekstraløyving på 600 000 kroner.
Kristin Bakken er enno ikkje sikker på om prosjektet har fått 1,8 millionar kroner meir enn det fekk 2004-budsjettet , eller om dette kjem som tillegg til den faktiske løyvinga der dei 600 000 kronene var inkluderte. Om ekstraløyvinga på 600 000 kroner ikkje er rekna me vil den faktiske auken i budsjettet til Norsk Ordbok vera på 1,2 millionar kroner.
- Med dette alternativet får me 800 000 kroner mindre enn det me la inn i budsjettsøknaden vår til Kulturdepartementet. Det vil seia at me går to redaktørverk i underskot i 2005. Prosjektet skal etter planen trappast opp og ha full bemanning i 2007. Me får tru at departementet fylgjer opp med pengar på 2006- og 2007- budsjettet slik at det totale talet på årsverk me har til disposisjon stemmer med ressursanalysen vår, seier ho.
Og ho understrekar at realiseringa av Norsk Ordbok kviler på føresetnaden om tilstrekkeleg bemanning. Ho er likevel nøgd med den føreslåtte tildelinga.
- Ja, det er det klart at eg er, sjølv om me må skyva ein del av arbeidsoppgåvene framom oss. Men det er heilt avgjerande med ei opptrapping for at me skal klara å oppfylla progresjonsplanane våre, slår ho fast.
Logg inn for å kommentere