- Dette er ikkje tilfeldig. Desse tre vidaregåande skulane er nettopp dei som deltar i eit prosjekt som går ut på å få fleire minoritetsstudentar til å ta universitetsutdanning, fortel minoritetsrådgjevar Sharam Alghasi til Uniforum.
På desse skulane har minoritetsstudentantar frå UiO deltatt i eit eige valfag for både minoritetselevar og andre ved desse skulane. Algasi leier prosjektet MiFA, som står for Minoritetar i Fokus i Akademia.
- Målet har vore å få gitt dei inspirasjon til å ta ei høgare utdanning. Sjølv om ein skilnad på tre prosent i høve til dei vidaregåande skulane som ikkje har vore med på prosjektet er lite, tar me det likevel som eit teikn på at me er på rett spor og at utviklinga går den rette vegen, fortel Alghasi.
Dette er første gong det er gjort eit målretta arbeid for å få rekruttert fleire minoritetselevar til UiO.
- Det har vore viktig for oss å få kunna gi informasjon om høgare utdanning både til elevane og til foreldra deira. Difor har det i kvar gruppe vore to minoritetsstudentar frå UiO og fire elevar frå den vidaregåande skulen. Spørsmål som har å gjera med forholdet mellom minoritet og majoritet er også blitt tatt opp i dette valfaget. Dessutan har me fått høve til å gi dei meir kunnskap om kva det inneber å ta ei høgare utdanning, understrekar han.
Førebels har det vist seg at det er flest jenter som tar
dette valfaget. No håpar Sharam Alghasi at prosjektet kan
forlengjast med to nye år.
- Då vil me gjerne ha med fleire vidaregåande skular også
utanfor Oslo, seier han.
Logg inn for å kommentere