Svein Lie: - Eit åtak på universitetsdemokratiet

- Dekan Bjarne Rogans forslag om å vedta ei ordning med tilsette instituttleiarar er eit åtak på demokratiet ved universitetet. Han bør difor trekkja dette forslaget før det kjem opp i fakultetsstyret onsdag 22. september. Det meiner professor Svein Lie ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap.

URO: - Viss ikkje dekanen trekkjer forslaget, blir det slutt på den roa som har herska ved fakultetet dei siste 30 åra, trur Svein Lie.
Foto: Ola Sæther

Det var i førre veke det blei kjent at dekan Bjarne Rogan vil be fakultetsstyret på Det historisk-filosofiske fakultetet om å søkja rektor om dispensasjon slik at fakultetsstyret kan gjera vedtak om å tilsetja instituttleiarar i staden for å velja dei. Vanlegvis er det instituttstyret som skal koma med tilråding om det ynskjer å søkja Universitetsstyret om å få tilsett leiar.

Hovudargumentet til dekan Bjarne Rogan er at det enno ikkje er valt instituttstyre, og difor kan dei heller ikkje gjera noko tilråding om valt eller tilsett instituttleiar. Tidlegare har ti representantar for faga kunsthistorie, idéhistorie, klassisk, filosofi og ex. phil med blant andre professorane Øivind Andersen og Trond Berg Eriksen i brodden, reagert negativt på forslaget.

Professor Svein Lie sluttar seg til denne kritikken, og meiner forslaget er imot valreglementet til UiO. Han er overtydd om at det vil vera mogleg å få til val til instituttstyre, så snart dei tilsette i dagens instituttadministrasjonar er blitt fordelte til dei sju nye institutta.

- Det generelle valreglementet for UiO har som hovudregel at det skal vera val. Det gjeld også verva som dekan, prodekan og instituttleiar. Det er berre mogleg å søkja om dispensasjon frå dette reglementet dersom instituttstyret ber om det. Sidan det ikkje finst noko instituttstyre som kan søkja om dispensasjon, vil ein generell søknad om dispensasjon frå fakultetsstyret vera imot reglementet, resonnerer han.

Foreslår annan prosedyre

Lie meiner difor at heile prosedyren må gå føre seg på fylgjande måte.

- Først må det avklarast kven som skal høyra til kva institutt. Deretter kan fakultetet planleggja og arrangera val til nye instituttstyre. Dermed kan instituttstyra koma saman, etablera seg og avgjera om det skal vera direkte eller indirekte val. Til slutt kan det veljast instituttleiarar og nestleiarar, foreslår han. Dette er normalreglementet, og ein treng ingen dispensasjon, legg han til.

- Farvel til universitetsdemokratiet

Lie reagerer også på at berre to av dei ni medlemane i dei nye instituttstyra skal vera fritt valde representantar for dei fast vitskapleg tilsette.

- Det vil seia at på dei største institutta med opptil 80 vitskapleg tilsette, vil mange fag vera utan representasjon i instituttstyret. Det vil i praksis vera eit farvel til universitetsdemokratiet, slår han fast. Han spår uro om dekanen står fast på framlegget sitt.

- Viss ikkje dekanen trekkjer forslaget, blir det slutt på den roa som har herska ved fakultetet dei siste 30 åra. Eg stod på barrikadane for universitetsdemokratiet på 1970-talet, og eg kan gjerne gå på barrikadane for å forsvare det igjen, lovar han.

Emneord: HF: nytt institutt for språk, Fakultetene, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 21. sep. 2004 10:56 - Sist endra 10. des. 2008 15:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere