Raser mot HF-leiinga

HF-leiinga ynskjer å lysa ut stillingane som instituttleiar eksternt og vil tilsetja dei før dei sju nye institutta har fått på plass eit styre. No ber dei fakultetsstyret om å vedta dette i møtet onsdag 22. september. - Av alt det me har opplevd av innspel frå fakultetsleiinga, tar dette kaka, seier professor i gresk, Øivind Andersen .

MAKT: - Det ser ut som om målet er å få leiarar som er sterke og flinke til å bruka makt, seier Øivind Andersen.
Foto: Ola Sæther

Det er ikkje minst grunngjevinga til dekan Bjarne Rogan om kvifor det er naudsynt å tilsetja eksterne søkjarar som instituttleiarar, som får Øivind Andersen og kollegaene hans til å reagera.

Der heiter det: "Etter dekanens vurdering kan en ulempe ved valgte ledere være deres nære bånd til eksisterende fagmiljø og at de valgte ledere skal tilbake til fagmiljøet etter endt valgperiode. (...) Tilsetter man instituttledere kan man bedre sikre seg mot at vedkommende er knyttet til et fagmiljø og vegrer seg mot å ta nødvendige, men upopulære avgjørelser".

- Vurderinga til Bjarne Rogan tilseier at han ikkje ynskjer at dei vitskapleg tilsette ved institutta søkjer jobben som instituttleiar, konstaterer Andersen.

- Dette strir dessutan heilt imot moderne leiarfilosofi som går ut på at ein leiar er leiar på grunnlag av tillitt og evne til å koma fram til konsensus. Her ser det ut som om målet er å få leiarar som er sterke og flinke til å bruka makt, seier han.

Ber om dispensasjon

Han forstår heller ikkje argumentet om at ein valt leiar ikkje vil våga å ta upopulære avgjerder.

- Dekan Bjarne Rogan er jo sjølv eit godt døme på at ein valt leiar ikkje treng vera redd for å ta upopulære avgjerder, konstaterer Andersen.

- Men det som me har sett av leiinga av HF-fakultetet, tyder jo ikkje på at dekanen er den som er best til å gi råd om god leiarskap, legg han til. Fakultetsleiinga vil be rektor om dispensasjon frå regelen om at ein tilsett eller vald instituttleiar skal vera på plass før det kan haldast styreval.

Går til åtak på forslaget

Øivind Andersen har saman med blant andre Trond Berg Eriksen og Nils Roll-Hansen og dei andre faglege leiarane og nestleiarane for faga kunsthistorie, idéhistorie, klassisk, filosofi og examen philosophicum gått til eit kraftig åtak på forslaget frå fakultetsleiinga.

I ei felles fråsegn ber dei difor om at det blir halde vanleg styreval før det blir gjort noko vedtak om det skal vera valde eller tilsette styrarar. Dei viser til at det allereie er klart kven som har stemmerett ved kvart institutt. I tillegg understrekar dei at det er viktig at kvart institutt sjølv er med og bestemmer om det skal ha ein valt eller tilsett styrar.

Dersom instituttet ikkje får vera med på å bestemma dette, ber dei likevel om at instituttet må få delta i prosessen med å finna fram til ein tilsett leiar. Innføringa av den nye instituttstrukturen kan bli skadelidande om desse krava ikkje blir oppfylte, slår dei fast.

- Sett utanfor tilsetjingsprosessen

- Dersom fakultetsleiinga får viljen sin, vil ikkje dei som får instituttleiarane som sjefar få vera med på å bestemma kven som skal tilsetjast i desse stillingane. Dei blir sette utanfor heile tilsetjingsprosessen. Ei viktig grunngjeving er tidspress, men eg ser ingen gode grunnar imot at me set i gang arbeidet med å laga nye valkrinsar no, og utset vala på nye instituttstyre til det er klart. Dei nye institutta vil likevel ikkje vera klare før jul, argumenterer Andersen.

- Det er dessutan heilt urealistisk at instituttleiarar som blir tilsette rundt 15. desember, kan vera på jobb to veker seinare. Dei vil jo truleg også vera nøydde til å ta omsyn til ei oppseiingstid frå arbeidsgjevaren sin, minner han om.

Økonomisk bør

Andersen trur at tilsette instituttleiarar vil vera ei tung økonomisk bør for institutta.

- Dette vil kosta institutta mellom 700 000 og 900 000 kroner i året og vil gi ein samla meirkostnad på mellom fem og sju millionar kroner for fakultetet dersom alle institutta bestemmer seg for å tilsetja ein ekstern instituttleiar, reknar Andersen ut.

Han synest det er for enkelt for dekan Bjarne Rogan å påstå at desse ekstrautgiftene kan finansierast med ledige lønsmidlar som fylgje av "turn over" .

- Det vil seia at institutta må bruka pengar på ein instituttleiar i staden for på ein vitskapleg stilling, meiner Andersen.

- I dag får den vitskaplege tilsette som er valt som styrar, eit B-tillegg som eit supplement til den faste løna si. Det er klart det blir mykje dyrare med tilsette instituttleiarar, er han hundre prosent sikker på. Han er også kritisk til at ein tilsett instituttleiar sjølv skal peika ut nestleiaren.

- Og etter forslaget skal berre to av ni medlemar i instituttstyret vera fast vitskapleg tilsette, medan både instituttleiar og nestleiar skal ha fast sete i styret.

- Vil du sjølv søkja jobben som tilsett instituttleiar?

- Dette utspelet er vel ein god søknad.

Føretrekkjer tilsette leiarar

- Dekan Bjarne Rogan, kvifor vil du ikkje at fast vitskapleg tilsette skal bli instituttleiarar ved HF?

- Det er feil å tru at eg helst vil ha eksterne søkjarar til desse stillingane, men det er rett at eg føretrekkjer tilsetjing av instituttleiar.

- Står du fast på at valde instituttleiarar ikkje vil vera i stand til å ta naudsynte, men upopulære avgjerder?

- Eg meiner at ein del valde leiarar også vil klara det. Men ein vil vera betre rusta til å gå inn i desse oppgåvene som tilsett leiar. Eg reknar likevel med at fleire av søkjarane vil vera interne. Så eg forstår ikkje at folk trur at eg føretrekkjer eksterne, men eg vil sjølvsagt gjerne ha høve til å tilsetja eksterne søkjarar også, dersom dei er dei beste.

- Dessutan er det viktig å hugsa på at me stiller mykje høgare kompetansekrav til dei nye einskaplege instituttleiarane denne gongen fordi dei skal leia både fag og administrasjon på ein annan måte enn tidlegare. Dei skal også ha større ansvar for personaloppfylging enn før.

- Kvifor skal fakultetsstyret åleine bestemma om institutta skal ha valde eller tilsette leiarar utan at dei tilsette blir tatt med på råd?

- I valreglementet heiter det at leiarar skal vera på plass før eit instituttstyre skal veljast. Vanlegvis er det instituttstyra som gir råd om valde eller tilsette leiarar, og så vedtar fakultetsstyret det. Sidan styra ikkje eksisterer, må eg som dekan gi råd til fakultetsstyret som gjer endeleg vedtak i saka. Difor må me søkja om dispensasjon frå rektor for å koma i gang.

- Etter at åremålsperioden på fire år er over, kan instituttstyra koma på bana og gi råd om dei vil ha valde eller tilsette leiarar. Viss ikkje me hadde gjort det på denne måten, ville heile prosessen tatt minst eit halvt år ekstra. Av budsjettmessige årsaker må me halda tempoplanen me har lagt opp til. Berre slik kan me få på plass nye styre og instituttleiarar frå 1. januar 2005.

Onsdag 22. september skal fakultetsstyret ta den endelege avgjerda i denne saka.

Emneord: Universitetspolitikk, Fakultetene, HF: nytt institutt for språk Av Martin Toft
Publisert 14. sep. 2004 10:50 - Sist endra 10. des. 2008 15:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere