HF -styret stemte for tilsette instituttleiarar

Det historisk-filosofiske fakultetet skal lysa ut stillingane som instituttleiarar for dei sju nye institutta. Det er klart etter at fakultetsstyret onsdag 22. september med seks mot tre stemmer vedtok å be om at Universitetsstyret kunngjer desse stillingane.

AVSPARK: Fakultetsdirektør Inge Øystein Moen t.v. dekan Bjarne Rogan og studiedekan Tor Egil Førland, t.h. gjer seg klare like før møtet startar.
Foto: Ola Sæther

Fakultetsstyret vedtok dessutan at instituttleiarane sjølve peikar ut nestleiarane sine. Dekan Bjarne Rogan fekk støtte for forslaget om å søkja rektoratet om dispensasjon frå dei punkta i valreglementet til universitetet som ville kunna føra til at prosessen fram til kven som skulle tilsetjast som leiarar for dei nye institutta, ville bli forsinka.

Eit fleirtal i fakultetsstyret vedtok også at styra til dei fem største institutta skal ha ni medlemar og ha to representantar for dei fast vitskapleg tilsette. Dessutan skal dei ha ein ekstern representant. Styra til dei to små institutta skal ha fem medlemar og eit medlem som representerer både dei faste og mellombelse vitskapleg tilsette. Dekan Bjarne Rogan fekk dermed gjennomslag for alle forslaga sine i fakultetsstyret, trass i at det har vore stor motstand mot forslaga blant dei vitskapleg tilsette ved fakultetet.

Professor Svein Lie ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap sa til Uniforum i går at begge desse forslaga ville vera eit åtak på universitetsdemokratiet. Tidlegare har professor i gresk, Øivind Andersen kravd at forslaget om tilsette leiarar blir lagt til sides.

Saman med fleire fagpersonar frå klassiske fag, filosofi, idéhistorie og ex.phil. har Øivind Andersen gått til eit sterkt åtak på forslaga. I ei felles fråsegn bad dei om at det blei halde vanleg styreval før det blei gjort noko vedtak om det skal vera valde eller tilsette styrarar. Dei viste til at det allereie var klart kven som hadde stemmerett ved kvart institutt. I tillegg understreka dei at det var viktig at kvart institutt sjølv var med og bestemte om det skulle ha ein valt eller tilsett styrar.

Dette ynsket gjekk altså ikkje i oppfylling. No er det opp til Universitetsstyret og rektoratet å ta endeleg stilling til forslaga frå HF-dekanen.

Emneord: Universitetspolitikk, HF: nytt institutt for språk, Fakultetene Av Martin Toft
Publisert 22. sep. 2004 16:50 - Sist endra 10. des. 2008 15:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere