Studie- og forskingsadministrativ avdeling blir delt

Studie- og forskingsadministrativ avdeling blir i framtida to avdelingar. Det tilrår Universitetsdirektøren at Universitetsstyret vedtar i møtet tysdag 8. juni.

Studie- og forskingsadministrativ avdeling (SFA)skal i framtida delast inn i ei forskingsavdeling og ei studieavdeling. Begge avdelingane skal ha eigne direktørar, og dersom Universitetsstyret vedtar delinga, får Universitetsdirektøren fullmakt til å lysa ut desse to stillingane. Det er ei ekstern evalueringsgruppe som har gått inn for ei deling, og universitetsdirektør Hanne Harlem ber Universitetsstyret om å slutta seg til hovudlinjene i tilrådingane til denne gruppa.

I tillegg til denne saka skal Universitetsstyret også handsama handlingsplanen for likestilling ved UiO i perioden 2004-2006. Det skal blant anna tildelast pengar til undervisningsfrikjøp og rekrutteringsfremjande tiltak på søknad frå fakulteta.

Universitetsdirektøren gjer dessutan framlegg om at Styret vedtar å gi forskingssprosjektet "Det flerkulturelle samfunn" status som universitetsstrategisk satsingsprogram ved UiO. I første omgang vil programmet få tildelt fem millionar kroner.

Styret skal også handsama spørsmålet om etablering av ein mellombels frukostkjellar for jusstudentane i Gymnastikkbygningen og iverksetjing av ei alumniordning for UiO. Bak lukka dører skal Styret bestemma kven som skal få universitetet sine tre prisar for 2004. Det vil seia Forskingsprisen, Formidlingsprisen og Prisen for godt læringsmiljø.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. juni 2004 17:18 - Sist endra 10. des. 2008 15:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere