To år som SFF: Å forklara det synlege

- Målet vårt er å gi svar på kvifor dei geologiske formasjonane og fjella er blitt slik som dei er i dag. Når geologar og fysikarar samarbeider, kan ein lettare forstå korleis ulike geologiske mønster oppstår og kva prosessar som ligg bak. Det fortel Jens Feder og Bjørn Jamtveit som i fellesskap leier Physics of Geological Processes , eitt av dei tre sentra for framifrå forsking (SFF) ved UiO.

FORKLARAR NATUREN: -Me skal hjelpa naturelskarar og andre med å forstå det dei kan sjå, seier Jens Feder og Bjørn Jamtveit i senteret Physics of Geological Processes (PGR).
Foto: Ola Sæther

- Det er ingen tvil om at statusen som senter for framifrå forsking har gitt oss eit løft som forskingssenter internasjonalt. Eit godt døme på det er at me fekk inn over 500 søknader til dei første stipendiatstillingane me lyste ut. Diverre var det svært få søknader frå Noreg.

Det fortel geologiprofessor Bjørn Jamtveit og fysikkprofessor Jens Feder, som drog i gang og no leier Physics of Geological Processes. I dag har senteret rundt 50 tilsette frå 12 land og fem verdsdelar. Årsbudsjettet er på 33 millionar kroner medrekna EU-støtte og støtte frå næringslivet. Sjølv meiner dei at dei fører vidare den tradisjonelle norske interessa for naturen.

- Folk er interesserte i naturen og legg ofte merke til mønster og variasjonar i landskapsformer og berggrunn. Men dei aller fleste av naturelskarane veit ikkje korleis dei geologiske formene er blitt til. Difor seier me at me skal hjelpa til med å forstå det du kan sjå, seier dei to forskarane.

- Som forskarar kan me rekna ut ting som kan skje eller har skjedd på det geologiske området på same måten som meteorologane lagar modellar for vêrvarsling. Men me vil helst forstå ting så godt at me kan skriva ned ein teori for den prosessen me studerer og deretter testa teorien med laboratorieeksperiment, før me kunngjer at me har fått det til, slår dei fast.

Samarbeider med NASA

Sist haust hadde ei forskingsgruppe frå senteret med seg forskarar frå Den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA i samband med eit forskingsprosjekt på Svalbard.

- Dei var opptekne av å finna ein stad på jorda som var mest mogleg lik Mars. Ved å studera geologiske og fysisk prosessar rundt varme kjelder på Svalbard, håpa dei å finna ut meir om det kan ha vore levande liv på Mars, hugsar dei.

Torvbrann var ikkje vulkan

Eit anna prosjekt som nyleg blei slått stort opp i media var knytt til studiar av "vulkanisme" i Mali.

- Styresmaktene i Mali var redde for at heile landet låg på ein levande vulkan fordi det kom varmt vatn opp av grunnen. Dei tilkalla oss, og me fann ut at det ikkje hadde noko med vulkanske aktivitetar å gjera, men med det faktum at det var torvbrannar som ulma heile tida og heldt ein temperatur på 800 grader. Folk i Mali var glade for at me kunne slå fast varmen ikkje skuldast ein vulkan, smiler dei.

Kan forklara klimakatastrofane

Akkurat no meiner dei at dei sjølve står framfor eit gjennombrot i eit tverrfagleg prosjekt som studerte naturlege utslepp av drivhusgassar knytt til vulkansk aktivitet i sedimentbasseng med høgt innhald av organisk material.

- Det har vore fleire klimakatastrofar gjennom jordas levetid, og no trur me at me er på sporet av kvifor desse klimakatastrofane oppstår og kva dei har ført til. Alt om denne forskinga blir omtala i ein artikkel som snart blir publisert i Nature, reklamerer Jamtveit og Feder. Også det tverrfaglege samarbeidet på senteret er dei oppglødde over.

- Samlokalisering er svært viktig ved etablering av eit tverrfagleg senter, seier dei. Dei viser til at det heile tida er behov for å snakka saman på tvers av faggrensene.

- Ein viktig lærdom av arbeidet med å organisera dette senteret, er at universitets- og fakultetsleiinga må bli flinkare til å kommunisera med det instituttet eller dei institutta, som merkar sterkast behovet senteret har for lokale. På den måten vil det oppstå minst mogleg gnissingar mellom senteret og det instituttet der det er lokalisert, meiner dei.

Begge er glade for at nobelprisvinnaren i fysikk, Ivar Giæver, også er knytt til senteret.

- Statoil gav UiO pengar til eit gåveprofessorat til norskamerikanaren Ivar Giæver då han var i ferd med å avslutta arbeidsforholdet sitt til General Electric Corporate Research og byrja på Renseselaer Polytechnic Institute. Det førte til at han blei gjesteprofessor hos oss.

Fakta om Physics of Geological Processes:
- eitt av tre senter for framifrå forsking ved UiO
- 50 tilsette frå 12 land frå fem verdsdelar
- målet er å gi svar på kvifor dei geologiske formasjonane og fjella er blitt slik som dei er i dag. Geologar og fysikarar skal i fellesskap prøva å forstå korleis ulike geologiske mønster oppstår og kva prosessar som ligg bak
Emneord: SFF - Senter for fremragende forskning, Geologi, Fysikk Av Martin Toft
Publisert 10. mai 2004 13:00 - Sist endra 10. des. 2008 15:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere