HF-slanking kan gi seks institutt

HF kan få seks eller åtte institutt etter ei omorganisering. Det går fram av det reviderte forslaget til omorganisering av fakultetet.

RETT TIDSPUNKT: - Det er viktig å gjera desse endringane no før det blir dårlege tider, meiner dekan Bjarne Rogan.
Foto: Ola Sæther

I det reviderte forslaget til omorganisering presenterer arbeidsgruppa til fakultetet tre alternativ. Dei to første alternativa er sydde saman av arbeidsgruppa medan det siste er lagt fram av HFs studentutval. Dei viktigaste skilnadane på dei tre alternativa er talet på institutt og kor mange institutt som vil ha eitt dominerande fag.

I den første modellen vil det vera seks institutt: Institutt for historie og arkeologi, Institutt for kulturstudiar, Institutt for filosofi og idéstudiar, Institutt for europeisk språk og litteratur, Institutt for litteratur, lingvistikk og nordistikk og Institutt for medier og kommunikasjon. I den andre modellen vil det vera åtte ulike institutt. Det som er nytt i forhold til den første modellen, er eit eige Institutt for musikk og ei inndeling av lingvistikk og dei nordiske språk- og litteraturfaga i to institutt: Institutt for lingvistiske fag og Institutt for nordistikk og litteraturvitskap. Med andre ord blir dei to sistnemnde institutta akkurat som dei er i dag.

I den tredje modellen, som altså er lagt fram av studentane, er det seks institutt: Institutt for historiske studiar, Institutt for kultur- og idéstudiar, Institutt for estetikk og litteraturstudiar, Institutt for språkstudiar, Institutt for nordisk og Institutt for medier og kommunikasjon. Dei endelege namna på institutta er enno ikkje bestemt.

Ein firedel må byta kontor

Dersom me skal leggja rapporten frå dekanatet til grunn, vil dei to første modellane føra til at ein firedel av dei tilsette ved fakultetet må byta kontor. I den tredje modellen vil halvparten av dei tilsette måtta skifta kontor.

I den første modellen vil halvparten av institutta vera avhengige av eit stort undervisningsfag. I den andre modellen vil alle institutt ha eitt svært dominerande undervisningsfag. Den tredje modellen vil derimot ha god spreiing av store undervisningsfag, og vil difor vera mindre sårbar for kortsiktige svingingar i studiepoengsproduksjonen, heiter det i dokumentet frå arbeidsgruppa.

Nyorganisering av store institutt

Store institutt vil derimot få store problem med å ta vare på den sosiale biten, både fordi det er sett saman av fleire fag og på grunn av storleiken. Arbeidsgruppa kjem difor med framlegg om at institutt på 60 fast vitskapleg tilsette eller fleire skal ha to nivå under instituttet: forskingsgrupper ogundervisningsavdelingar.

Forskingsgruppene kan både vera små og uformelle og større, formaliserte einingar som kan vera meir eller mindre permanente. Undervisningsavdelingane skal vera sette saman av lærarane på eitt fagfelt. Desse avdelingane skal ha ansvaret for undervisninga på fagfeltet. Sidan presset på instituttleiaren ikkje skal bli for stort, må både forskingsleiar og undervisningsleiar hjelpa til med ansvaret for oppfylging og medarbeidarsamtalar.

-Få skilnader på modellane

Dekan Bjarne Rogan trur fakultetet no har kome fram til tre modellar som alle kan lata seg realisera.

- Det er svært få økonomiske og administrative skilnadar på desse tre forslaga. Heile HF-samfunnet vil klara å utvikla seg vidare i alle desse modellane. Med denne rapporten har me også oppfylt ynsket om ei grundig konsekvensutgreiing av dei ulike modellane, meiner Rogan.

- Det er viktig å gjera desse endringane no før det blir dårlege tider. I Tyskland og England er det mange professorar som må bruka all energien sin på å forhindra at institutta deira blir sanerte på grunn av dei økonomiske innsparingane til staten. Men det vil også vera mogleg å henta ut meir positive gevinstar. Eg er overtydd om at større einingar gir større økonomisk handlingsrom og vil gjera det lettare å driva med fagleg prioritering og leiing, konstaterer han.

Det humanistiske fakultetet

Rogan står også fast på framlegget sitt om å la Det historisk-filosofiske fakultetet skifta namn til Det humanistiske fakultetet. Fram til 4. juni kan alle dei tilsette ved HF koma med innspel og forslag til endringar. 30. juni skal forslaget opp i fakultetsstyret før det truleg blir endeleg klubba gjennom i Universitetsstyrets første møte etter sommarferien.

Emneord: Universitetspolitikk, HF: nytt institutt for språk Av Martin Toft
Publisert 26. mai 2004 12:20 - Sist endra 10. des. 2008 15:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere