EU-rådgjevar: - UiO kan gjera det betre i EUs rammeprogram

30 av dei 100 forskingsprosjekta ved UiO som søkte om støtte frå EUs 6. rammeprogram fekk positivt svar på søknaden sin. Det er ti prosent over landsgjennomsnittet på 20 prosent. - UiO kan og bør likevel gjera det betre, meiner EU-rådgjevar Ingrid Sogner.

Forskingsprosjekta som har fått støtte, spenner frå ernæring til miljø og frå bioteknologi til politisk organisering. Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet har fått 14 tilslag, Det medisinske fakultetet har fått sju, og HUMSAM-faga med juss og utdanningsvitskap inkludert, har fått støtte til ni forskingsprosjekt. Det juridiske fakultetet har som eitt av åtte juridiske fakulteti Europa, fått eit EU-finansiert professorat i miljørett.

- Dette synest me er bra, men utifrå storleiken burde likevel UiO fått økonomisk støtte til fleire prosjekt. Heller ikkje med tanke på eigen strategi har UiO gjort det særleg bra, slår EU-rådgjevarane Ingrid Sogner og Lars Øen i Studie- og forskingsadministrativ avdeling fast.

- Universitetet vårt koordinerer heller ingen av dei store prosjekta det deltar i. Dersom storleiken skulle ha blitt lagt til grunn, burde UiO hatt større prosjekt og vore koordinator, meiner Sogner og Øen. Dei har også ein del oppfatningar av kva som er grunnen til at UiO ikkje gjer det betre.

- EU-støtte bør gi UiO-støtte

- EU-søknadar er krevjande, og difor er det naudsynt å ha eit system med posisjoneringsmidlar. Det blei lukkelegvis innført i 2003. Sjølv om Universitetet i Oslo er eit breiddeuniversitet, trur me ikkje det er mogleg å unngå å prioritera og kvalitetsvurdera fagmiljø som fortener EU-støtte.

- Dessutan ser me eit behov for at det blir innført eit system som gjer at dei prosjekta som får støtte frå EU, også automatisk vil få pengar frå UiO-budsjettet. Eit anna viktig tiltak er å etablera eit sentralisert økonomisk system for EU-prosjekt. I dag går diverre mykje av tida vår med til å hjelpa søkjarane gjennom eit dårleg internt system, konstaterer dei to EU-rådgjevarane.

Administrativ assistanse

Det som er nytt med EUs 6. rammeprogram i høve til tidlegare, er at all administrasjon er lagt ut til prosjekta. Det vil seia at det ikkje berre er behov for forskarar, men også for folk med kunnskap om administrasjon.

- Difor er det oppretta ressursgrupper i sentraladministrasjonen og ved fakulteta som kan hjelpa forskarane med dei administrative gjeremåla. Som einaste norske institusjon vil UiO bruka Eining for intern revisjon ved revisjon av prosjekt i rammeprogrammet. Me kan også hjelpa til i samband med kontraktsforhandlingar, understrekar Sogner og Øen. Dei seier seg leie for at det i papirversjonen av Uniforum blei gitt inntrykk av at UiOs satsingsprogram hadde fått avslag på søknadar til EUs 6. rammeprogram.

- Det er ikkje rett. UIOs satsingar jobbar strategisk i høve til mange ulike forskingsfelt. Det er viktig at UiO arbeider for å få inn EU-finansiering i eigen strategi, seier dei.

Emneord: Internasjonalisering, Forskning, Forskningspolitikk, EU Av Martin Toft
Publisert 28. mai 2004 10:30 - Sist endra 10. des. 2008 14:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere