Abelprisen delt ut til Singer og Atiyah

Kong Harald delte ut Abelprisen 2004 til dei to matematikarane Sir Michael Francis Atiyah og Isadore M. Singer i Universitetets Aula tysdag 25. mai. Ein fullsett aula gav dei ein lang og hjarteleg applaus etter prisutdelinga.

GLADE ABELPRISVINNARAR. Sir Michael Francis Atiyah (t.v:) og Isadore M. Singer utanfor Aulaen kort tid etter at dei har fått utdelt Abelprisen 2004.
Foto: Ola Sæther

Det var stappfullt i Universitetets Aula då dei to prisvinnarane kom opp midtgangen og inntok heidersplassane lengst framme. Like etterpå kom kong Harald og dronning Sonja saman med rektor Arild Underdal. Leiar for Abelkomiteen, Erling Størmer hadde fått oppdraget med å forklara kvifor komiteen hadde valt Isadore M. Singer frå Massachusets Institute of Technology og Sir Michael Francis Atiyah frå University of Edinburgh som prisvinnarar i 2004.

- Dei har klart å føra saman topologi, differensial geometri og matematisk analyse i sitt Atiyah-Singer indeksteorem. Det seier at på grunnlag av forma til det geometriske området der likninga er definert, kan me bestemma ei mengd tal som gir oss informasjon om løysingane. Denne indeksen kan fortelja oss om det finst ei løysing, og om kor mange løysingar som finst, sa Størmer.

Glade prisvinnarar

Deretter kunne kong Harald dela ut ein pris og ein sjekk på rundt tre millionar kroner til kvar av dei to prisvinnarane. Publikum gav dei ein lang og hjarteleg applaus. I takketalane sine uttrykte dei stor glede over å bli tildelte denne prisen.

- Eg vil takka den norske regjeringa og Det norske Vitskapsakademiet for å ha etablert denne prisen som eit minne om den geniale matematikaren Niels Henrik Abel. Denne prisen er ein fin måte å æra han på, sa Atiyah, som også uttrykte glede over det nære og gode faglege samarbeidet han hadde hatt med Isadore M. Singer.

Ei stor ære

Også Singer uttrykte glede over å ha fått tildelt denne prisen.
- Det er ei stor ære for meg. Utanfor universitetet har det alltid vore vanskeleg å vera matematikar. Kva skal all denne abstrakte matematikken vera god for? spør folk meg. For meg er matematikken språket til vitskapen, sjølv om me ikkje alltid kan oppfatta det med sansane våre. Og det tar ofte lang tid før matematiske teoriar kan brukast i bruksretta forsking. Abelprisen er ein fin måte å halda oppe minnet om ein av Noregs store søner, matematikkgeniet Niels Henrik Abel, meinte han.

Seremonien blei avslutta med musikkstykket Halling av Edvard Grieg, framført av songaren Mocci Ryen og musikarane Cecilie Løken, Sidsel Walstad og Børre Flyen.

Emneord: Niels Henrik Abel2, Forskning Av Martin Toft
Publisert 25. mai 2004 17:41 - Sist endra 10. des. 2008 14:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere