Universitetsstyret vedtok ny IT-strategi

Universitetet i Oslo får ny IT-strategi for 2004-2006. Det vedtok Universitetsstyret tysdag 30. mars. Styret bestemte også korleis UiOs eigenkapital skal organiserast og etablerast. Dessutan blei det avgjort å stansa rehabiliteringa av Professorbustaden i sentrum.

NY IT-STRATEGI: IT-direktør Arne Laukholms får ansvaret for å gjennomføra UiOs IT-strategi for perioden 2004-2006.
Foto: Ståle Skogstad

Det første punktet i innhaldet i vedtaket om ein ny IT-strategi, er utarbeidinga av ein plan for evaluering av rollefordelinga mellom sentral og lokal IT. Ein slik plan skal leggjast fram for Styret hausten 2004. Dessutan vedtok Styret å etablera eit klarare skilje mellom tingar/kontrolløroppgåva innanfor universitetet og tenesteutvikling og produksjon. Dei økonomiske fylgjene av dette skal leggjast inn i budsjettet for 2005.

Alternativ finansiering

I tillegg blei det vedtatt å greia ut alternative finansieringsmodellar for IT-verksemda ved UiO. Dette kan gjennomførast frå budsjettåret 2006. Også organiseringa og avgrensinga av USITs eksterne verksemd skal utgreiast. Under dette punktet blei det også drøfta om ein del av verksemda skal skiljast ut som eige selskap. Ei slik utgreiing skal leggjast fram for Styret 1. halvår 2005.

UiOs eigenkapital

Eit anna viktig tema på møtet til Universitetsstyret, var spørsmålet om korleis UiOs eigenkapital skal organiserast og etablerast. Styret bad om at prosedyrane for praktisering av regelverket for eksternt finansierte prosjekt ved UiO blir gått gjennom på nytt. Målet er å få til ein auke i avsetjingane til eigenkapital.

Styret la til grunn at all opptent eigenkapital for framtida skal disponerast av UiO sentralt samtidig som den gjeldande incentiv-ordninga, som inneber at einingar skapar overskot gjennom den eksternt finansierte oppdragsverksemda si, blir ført vidare.

Alle overskot på eksterne oppdrag som blei avslutta innan 31.desember i fjor, skal disponerast av UiO sentralt. Dei fakulteta og institutta dette gjeld, skal få full kompensasjon over det ordinære budsjettet, står det i framlegget til vedtak. Desse pengane skal hentast frå Universitetsdirektørens reserve for 2004.

Styret bad også Universitetsdirektøren om å gjennomføra taksering av alle eigedomane til Tøyenfondet som grunnlag for å fastsetja ny leige i dei tilfella dei blir leigde ut til UiO. Dessutan blir Universitetsdirektøren beden om å leggja fram ei sak om utvikling av eigedomar finansiert gjennom opptent eigenkapital, bruk av kapital frå Tøyenfondet og Observatoriefondet og bruk av inntekter frå sal av eigedom i løpet av året. Dette skal skje i samarbeid med andre aktørar, heiter det i vedtaket.

Stansar rehabiliteringa av Professorbustaden

Styret vedtok at rehabiliteringa av Professorbustaden må stansast inntil vidare på grunn av at utgiftene blir for store. Universitetets øvste organ ber om at Universitetsdirektøren greiar ut alternativ bruk av fondsmidlar til rehabiliteringa dersom det ikkje blir etablert ei eiga finansieringsordning for freda bygningar i løpet av 2005.

Når det gjeld den studentsosiale verksemda for jusstudentane, som tidlegare i stor grad har gått føre seg i Professorbustaden, ber Styret fakultetet og Universitetsdirektøren om i fellesskap å vurdera alternative måtar å leggja dette til rette på. Reserven på fem millionar kroner, som blei sett av i styremøtet 11. november i fjor, skal halda fram som reserve til desse vurderingane er gjennomførte.

Dessutan blei det vedtatt at Senter for medisinsk etikk skal forankrast organisatorisk under Institutt for allmenn- og samfunnsmedisin ved Det medisinske fakultetet. I framtida får eininga namnet Seksjon for medisinsk etikk.

To instituttstyre ved OD

Leiinga ved Det odontologiske fakultetet hadde bede Styret om å få halda fram med eigne styre for dei to institutta ved dette fakultetet. I Normalreglar for institutt,som blei vedtatt 8. september i fjor, heiter det nemleg at profesjonsfakulteta skal ha instituttråd og ikkje styre. Universitetsdirektør Hanne Harlem ba Styret om å vedta at det skulle opprettast råd også ved dei to institutta til Det odontologiske fakultetet. Ho meinte at det ikkje låg føre gode nok grunnar til at det skulle vera mogleg å avvika frå normalreglane. Styret vedtok likevel å lata fakultetet oppretthalda to styre for dei to institutta. Vilkåret var at begge styra måtte ha eksterne representantar.

Bak stengde dører drøfta Styret markeringa av UiOs 200-årsjubileum i 2011 og ein mogleg revisjon av UiOs verdiplattform i tilknyting til Strategisk plan for perioden 2005-2009.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 31. mars 2004 11:26 - Sist endra 10. des. 2008 16:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere