Universitetsdirektøren tar svangerskapspermisjon

Universitetsdirektør Hanne Harlem er gravid og vil difor ta ut svangerskapspermisjon frå i sommar. Ho har termin i slutten av august. - Eg gler meg til barnet kjem, men eg hadde ikkje planlagt dette slik, seier Harlem til Uniforum.

GRAVID: Universitetsdirektør Hanne Harlem er gravid og tar svangerskapspermisjon frå sommaren.
Foto: Ola Sæther

Ho forstår godt at det ikkje er like praktisk å bli gravid når ein er så nytilsett universitetsdirektør som ho er.
- Om eg hadde vore min eigen sjef, så hadde eg sjølvsagt ikkje vore så glad når eg hadde gått bort og blitt gravid kort tid etter. På den andre sida er jo ein graviditet eit godt og hyggeleg nyhende. Samtidig har rektor Arild Underdal gitt meg masse støtte og sagt at om ikkje UiO kan handtera at ein kvinneleg toppsjef tar svangerskapspermisjon, kven kan då gjera det, seier Hanne Harlem.

- På den måten har det dårlege samvitet mitt i alle fall ikkje blitt dårlegare, legg ho til.

Ikkje full permisjon

Harlem reknar ikkje med å ta ut full svangerskapspermisjon i første omgang.

- Nei, eg reknar med å vera tilbake igjen ikkje så lenge etter juleferien, og så får eg heller ta resten av permisjonen i tilknyting til sommarferien i 2005. Barnet har jo også rett til å ha mora hos seg i ein heil svangerskapspermisjon, understrekar ho. I den tida Hanne Harlem har permisjon skal Inger Stray Lien vera konstituert universitetsdirektør. Ho var også konstituert universitetsdirektør frå Tor Saglie gjekk av til Hanne Harlem byrja som universitetsdirektør.

Engasjerer assisterande universitetsdirektør

- Universitetet i Oslo kjem også til å engasjera ein person som assisterande universitetsdirektør. Denne personen vil truleg bli engasjert også for ein lengre periode enn dei månadane eg er borte. Slik kan vedkomande først avlasta Inger Stray Lien og seinare avlasta meg når eg er tilbake. Eg reknar ikkje med at det alltid vil vera like enkelt å jobba for fullt den første tida etter permisjonen. Difor vil eg prøva å jobba heime ein dag i veka, fortel ho.

Attpåklatt

Hanne Harlem har tre barn frå før, og den yngste er i dag ni år.
- Det blir ein liten attpåklatt, men barnet vil i alle fall ikkje slå mora som blei fødd 18 år etter sitt nest yngste sysken, smiler ho. Ho uroar seg litt for alt som ho ikkje får med seg i perioden ho skal vera borte, men ho ser fram til fødselen.

- Eg har klart å få til kombinasjonen mellom familieliv, fødsel og jobb tidlegare, så det skal nok gå fint denne gongen også, trur ho.

Emneord: Likestilling, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 22. mars 2004 16:36 - Sist endra 10. des. 2008 16:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere