Tysk heider til UiO-forskar

Professor Cathrine Fabricius-Hansen ved Germanistisk institutt er tildelt den tyske Konrad Duden-prisen for 2003. Ho får overrekt prisen på 11 000 euro under ein seremoni i Mannheim onsdag 10. mars. - Det var svært hyggeleg å få ein slik heider frå kollegaene mine i Tyskland, seier ho til Uniforum.

TYSK PRIS: Cathrine Fabricius-Hansen er tildelt den tyske Konrad Duden-prisen for 2003.
Foto: Ståle Skogstad

Konrad Duden-prisen går til ein lingvist som har vore med og brakt fram ny kunnskap om det tyske språket. Fabricius-Hansen får prisen for forskinga si på omsetjingsteori. Juryen viser til at ho med dette arbeidet har gjort eit viktig bidrag til forståing mellom tyskspråklege og ikkje-tyskspråklege folk. Det blir også peika på kor viktig arbeidet hennar har vore for å støtta opplæringa i tysk som framandspråk i dei skandinaviske landa.

- I Tyskland nyt utanlandske germanistar stor respekt fordi dei er ofte med og fungerer som augeopnarar for tyskarane når det gjeld nye ting og oppdagingar som har å gjera med det tyske språket, seier Fabricius-Hansen.

- Det er særleg skandinaviske lingvistar som har gitt flest bidrag til å peika på nye utviklingstrekk ved det tyske språket, legg ho til.

Skriv om tyske verb

Sjølv er ho engasjert i arbeidet med å revidera det fjerde bandet av Dudens tyske grammatikk.

- Der skal eg skriva 100 sider om tyske verb. Og også talen min under prisoverrekkinga skal handla om verb. Tittelen blir "Verbas vedunderlege verd," avslører ho. Pengane veit ho godt kva ho skal bruka til.

- Dei skal eg sjølvsagt bruka på reiser til Tyskland og lengre opphald i det landet, seier ho. Cathrine Fabricius Hansen blei tidleg interessert i språk.

- Eg var interessert både i latin og tysk, og spesielt grammatikken til dei to språka. Når eg valde å satsa på tysk, så hadde det mykje å gjera med at det framleis var eit levande språk, og ikkje eit utdøydd eit slik som latin. Difor byrja eg med studiar i lingvistikk og etter kvart spesialiserte eg meg på tysk lingvistikk, fortel ho.

Ynskjer meir forskingstid

I dag er ho engasjert i det tverrfaglege forskingsprosjektetet SPRIK (Språk i kontrast).

- Me skal sjå på kva som skjer med når eit språk blir omsett til eit anna. Me vil sjå på kva problem som oppstår og korleis dei blir løyste. Diverre har eg ikkje fått konsentrert meg nok om dette forskingsprosjektet dei siste månadane. Gjennomføringa av Kvalitetsreforma har tatt altfor mykje tid, så det høgaste ynsket mitt akkurat no, vil vera å få meir samanhengjande tid til forsking, slår ho fast, og vedgår at ho er litt misunneleg på dei tyske professorkollegaene sine.

- I Tyskland har kvar professor ein eigen stab med forskingsassistentar, ein sekretær og ein person som hjelper forskaren med å setja opp budsjett. Ein professor som eg kjenner hadde ikkje vore på universitetsbiblioteket på over to år fordi han alltid hadde fått studentane til å henta bøkene for seg. Men med dei reformene som dei tyske universiteta må gjennomføra no, varer det nok ikkje lenge før det er slutt på den ordninga, trur ho.

-Ufortent dårleg rykte

Fabricius-Hansen forstår eigentleg ikkje kvifor tysk ikkje er populært blant norske ungdomar og studentar.

- Det har eit ufortent dårleg rykte. Når du først har lært grammatikken, så er det jo enkelt både å snakka og å forstå. Dessutan ligg det nært opp til norsk. Eg trur nok ei av årsakene til at Tyskland ikkje slåss nok for språket sitt samanlikna med Frankrike og til dels Spania har å gjera med krigen. Tysk er heller ikkje noko verdsspråk som engelsk og manglar det eksotiske som spansk har, og det har heller ikkje den høge kulturelle statusen som fransk kan skryta av, meiner ho.

I 2002 blei Cathrine Fabricius Hansen tildelt den tyske Jacob og Wilhelm Grimm- prisen medan ho blei tildelt den norske Nansenprisen for framifrå vitskapleg forsking i 2000. Før ho kom til Universitetet i Oslo i 1975, arbeidde ho som universitetslektor ved Københavns universitet.

Emneord: Forskning, Priser Av Martin Toft
Publisert 8. mars 2004 10:56 - Sist endra 10. des. 2008 15:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere