Odontologi får skryt

Institutt for klinisk odontologi og det kliniske forskingslaboratoriet til dette instituttet skårar høgt på den internasjonale evalueringa av norsk helseforsking. - Me er stolte over at det kliniske forskingsmiljøet vårt kjem så godt ut av denne undersøkinga, seier forskingsdekan Ingar Olsen ved Det odontologiske fakultetet.

STOLTE: - Me er stolte, seier forskingsdekan Ingar Olsen,laboratoriesjef Jan Eirik Ellingsen og instituttstyrar Pål Barkvoll.
Foto: Ola Sæther

Det var Noregs forskingsråd som sette i gang den internasjonale evalueringa av norsk helseforsking. På nasjonalt plan viste evalueringa at det ikkje stod særleg godt til med helseforskinga i Noreg. Likevel var det fagmiljø som kom godt ut av det. Eit av dei fagmiljøa ved UiO som kom best ut, var Institutt for klinisk odontologi ved Det odontologiske fakultetet. Her blei Det kliniske forskingslaboratoriet til instituttet trekt spesielt fram. I evalueringa, som blei leia av professor Ulf Smith ved Göteborgs universitet, får dei karakterar som spenner frå middels bra til fantastisk godt (fair to excellent) og det er instituttstyrar Pål Barkvoll, leiar for Klinisk forskingslaboratorium, Jan Erik Ellingsen og forskingsdekan Ingar Olsen godt nøgde med.

- Inspirasjon

- Dette er ein viktig inspirasjon for dette instituttet, meiner dei.

- Dette viser også at det har vore ein vellukka strategi å samla ressursar på eit slikt laboratorium for å gjera det så godt som mogleg. Dermed blir det også lettare å rekruttera fagfolk både frå Noreg og utlandet til dette fagområdet, legg dei til.

Evalueringskomiteen er spesielt imponert over forskingsresultata til Klinisk forskingslaboratorium og viser til korleis laboratoriet er langt framme på forsking på utvikling av biomateriale og implantat. Dette er forsking på eit internasjonalt konkurransedyktig nivå og det får difor utdelt karakteren framifrå forskingsverksemd (excellent scientific performance), går det fram av evalueringsrapporten.

Eit godt teikn på kor høgt nivå forskinga har på laboratoriet, viser det faktum at det deltar og er koordinator for eit multinasjonalt forskingsprosjekt i EUs regi, konstaterer komiteen. Dei oppmodar samtidig fagfolka på dette laboratoriet til å halda nær kontakt med Seksjon for hand- og mikrokirurgi og Biomekanisk laboratorium ved Ortopedisk avdeling på Rikshospitalet.

Også Avdeling for kjeve- og ansiktsradiologi får skryt for forskinga på biletdiagnostikk. Dette går ut på å betra pasientundersøkingar og diagnostiske utgreiingar i munnhole og kjeve/ansiktsskjelett.

Høg gjennomsnittsalder

Den høge gjennomsnittsalderen på forskarane på instituttet blir likevel trekt fram som eit problem. Det blir vist til at halvparten av dei kjem til å bli pensjonerte i løpet av eit par år. Men evalueringskomiteen peikar samtidig på at instituttleiinga er klar over dette og har laga ein plan for korleis dei som går av for aldersgrensa kan bli erstatta av yngre forskarar. Her blir det vist til at instituttet har oppretta heile sju nye stipendiatstillingar.

Vil utvikla naturleg beinvev

Jan Eirik Ellingsen er svært glad for at forskingslaboratoriet han leier kjem så godt ut av denne evalueringa. Han trekkjer svært gjerne fram prosjektet EU har løyvd 25 millionar kroner til.

- Forskinga på korleis beinvev ved hjelp av spesielle protein kan manipulerast til å produsera nytt vev, ser lovande ut, og me skal snart setja i gang dyreforsøk i Ulm i Tyskland for å testa ut dei funna me har gjort til no, fortel han til Uniforum.

- Viss me klarer å få bein til å gro fast til beinvev framstilt i laboratorium kan det erstatta mange av dei kunstige materiala som blir brukt for å binda saman ledda i kjeven, hofta eller kneet i dag, seier Ellingsen.

Internasjonalt fagmiljø

Og instituttstyrar Pål Barkvoll er overtydd om at det er den høge kvaliteten på forskinga ved instituttet som gjer det attraktivt for forskarar frå heile verda å søkja seg til klinisk odontologi og særleg til det kliniske forskingslaboratoriet.

- I dag har me stipendiatar og forskarar frå USA, Kina, Sveits,England, Tyskland, Sverige, Nederland, Belgia, Israel og Iran her.

- Og sjølv om mange av forskarane er gått av for aldersgrensa, har dei eit eige emerituskontor der dei kan halda fram med forskinga si, dersom dei synest at dei har noko ugjort, legg Ingar Olsen og instituttstyrar Pål Barkvoll til.

Slik blei forskinga på ein del av dei andre helseforskingsmiljøa ved UiO vurdert:
Hjartemedisinsk avdeling, Rikshospitalet: Framifrå (Exellent)
Institutt for klinisk medisin, Radiumhospitalet: Svært god (Very good)
Intervensjonssenteret, Rikshospitalet: God til svært god (Good to very good)
Instituttgruppe for laboratoriemedisin: Svak til middels bra (Weak to fair)
Emneord: Odontologi, Forskning Av Martin Toft
Publisert 4. mars 2004 12:36 - Sist endra 10. des. 2008 15:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere