Noregs beste matematikkelevar

Paul Kjetel Soldal Lillemoe n frå Øystese gymnas i Hordaland gjekk av med sigeren i årets finale i Niels Henrik Abels matematikkkonkurranse. Han fekk 37 av 40 moglege poeng. På dei neste plassane fylgde Matias Holte frå Vågsbygd vidaregåande skole i Vest-Agder med 30 poeng og Anders Klungre frå Firda vidaregåande skule med 22 poeng. Desse tre skal også delta i Den internasjonale matematikkolympiaden i Athen i juli.

TRE MATEMATIKKEINARAR: Paul Kjetel Soldal Lillemoen (i midten) vann Niels Henriks Abels matematikkonkurranse.Han er flankert av Mathias Holte t.v. og Anders Klungre som blei nummer to og tre.
Foto: Ola Sæther

Dessutan går dei som fylgjer på dei neste åtte plassane vidare til Nordisk matematikkonkurranse 1. april. Dei vil da konkurrera om dei tre resterande OL-plassane på det norske laget. Det blei desse elevane:

4. Jørgen Vold Rennemo Hammartun u. skole 21 poeng
5. Robin Bjørnetun Jacobsen Thor Heyerdahl vid. 20
6. Nina Holden Berg vid. skole 18
6. Hilde Galleberg Johnsen Thor Heyerdahl vid 18
8. Eric de Caprona Oslo katedralskole 17
9. Henrik Sigstad Lillehammer vid. 16
10. Dag Otto Kleppe Kristelig gymnasium 15
11. Johan Christensen Oslo katedralskole 14

Konkurransen er kalla opp etter ein av verdas største matematikarar, nordmannen Niels Henrik Abel (1802-1829). Han har eit like stort namn innan matematikken som Ibsen har innea litteraturen. Det er Norsk Matematisk Foreining med støtte frå Niels Henrik Abels minnefond som skipar til denne konkurransen. I den første runden deltok det i år 4600 elevar frå 211 skular frå heile landet. Av desse kvalifiserte 24 seg til finalen, som altså blei avgjort torsdag 11. mars.

Dei tre medaljevinnarane er også inviterte til utdelinga av den internasjonale Abelprisen for matematisk forskning den 25. mai i år. Finalevinnaren vil dessutan delta på Abelbanketten på Akershus slott i samband med utdelinga av Abelprisen.

Emneord: Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 12. mars 2004 13:43 - Sist endra 10. des. 2008 15:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere