Ordninga byrja å gjelda ved UiO allereie frå 1. mars. Bakgrunnen for dette er den sentrale intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv som blei inngått mellom partane i arbeidslivet og regjeringa 3. oktober 2001. Denne avtalen gjeld fram til 31. desember 2005.
På nasjonalt nivå er utgangspunktet for avtalen at sjukefråværet er for høgt og må reduserast, at fleire med redusert arbeidsevne kan vera i arbeid og at den reelle pensjoneringsalderen er for låg. UiO underteikna avtalen 25. november 2003, men den byrja ikkje å fungera før 1. mars på grunn av at det var først då dei naudsynte systema var utvikla og på plass.
- Gjennom dette tiltaket blir det sett fokus på oppfylging av sjukefråvær og rutinar som vil kunna vera med på å halda sjukefråværet ved UiO på det same låge nivået som i dag, altså rundt fire prosent, seier Reidar Hovinbøle.
- I den handlingsplanen me er i ferd med å laga, vil dette målet bli inkludert i tillegg til ambisjonen om å halda på eigne arbeidstakarar som har varig eller mellombels redusert arbeidsevne. Det er også meininga at me skal rekruttera tilsette frå denne gruppa utanfrå. Det siste punktet handlar altså om korleis me kan leggja forholda til rette for at eldre arbeidstakarar skal stå lenger i arbeid, fortel Hovinbøle.
Bruk av eigenmelding
- Kva er det som er endra i høve til det som gjaldt før?
- Når det gjeld eigenmelding om fråvær, kan arbeidstakaren vera borte i inntil åtte dagar om gongen utan at det skal krevjast sjukmelding frå lege. Til saman kan arbeidstakaren vera borte med eigenmelding i tre slike åttedagarsperiodar i løpet av 12 månadar, altså i 24 dagar. Viss ein slik periode inkluderer arbeidsfrie dagar, blir dei også med på kvoten på åtte dagar, understrekar Hovinbøle.
- Det vil seia at om du har behov for å vera borte lenger enn åtte dagar, så må du ha sjukmelding frå lege. Men dersom du går til lege allereie på den fjerde dagen, så vil ikkje dei tre føregåande eigenmeldingsdagane bli rekna med.
Eigenmelding og sjukmelding
- Kan eigenmelding fylgja rett etter sjukmelding?
- Ja, dersom det totale talet på fråværsdagar ikkje er fleire
enn åtte dagar. På den måten vil det vera mogleg å ha
sjukmelding i tre dagar etterfylgd av ei eigenmelding for dei
neste fem dagane, forklarar Hovinbøle. Han viser til at dei
som er 50 prosent uføretrygda også kan bruka
eigenmelding.
- Ved sjukefråvær før og etter helgedagar blir desse rekna
med i kvoten på åtte dagar, presiserer han.
Ny opptening
- Kor lang tid må det gå mellom kvar
eigenmelding?
- I dei mellombelse retningslinjene for denne ordninga, står
det at når arbeidstakar har brukt opp eigenmeldingsdagane i
løpet av ein periode på 16 dagar, må han eller ho arbeida
samanhengjande i 16 kalenderdagar før arbeidstakaren kan
bruka eigenmelding på nytt.
Hovinbøle peikar på at arbeidsgjevar har fått nye oppgåver i
samband med denne avtalen.
- Det er lovfesta ei ny plikt om at arbeidsgjevar skal
utarbeida oppfylgingsplanar for tilrettelegging av arbeidet
for sjukmeldte arbeidstakarar seinast etter åtte veker.
Samtidig har arbeidstakaren ei plikt til å bidra med
opplysningar om eiga funksjonsevne. På den måten kan
naudsynte tiltak setjast inn så raskt som mogleg, forklarar
han.
Universitetet i Oslo har også sett ned ei eiga prosjektgruppe som skal utarbeida ein eigen handlingsplan for praktiseringa av IA-avtalen på heile universitetet.
- Det blir dessutan laga ein plan for gjennomføring av opplæring og informasjon som omfattar alle aktørane i dette arbeidet, opplyser Hovinbøle til Uniforum.
Aktiv sjukmelding. Gjennom intensjonsavtalen får IA-verksemder høve til å starta opp aktiv sjukmelding utan førehandsgodkjenning frå Trygdeetaten. Kopi av skjema for aktiv sjukmelding skal sendast til trygdekontoret. Gjennom aktiv sjukmelding kan den sjukmelde oppretthalda kontakten med arbeidsplassen, ta opp igjen arbeidet gradvis og utprøva/avklara eiga arbeidsevne. Det er ein føresetnad at arbeidstakar og arbeidsgjevar saman utarbeidar ein plan som skildrar innhaldet i tiltaket.
Eigenmelding. Avtalen inneber større valfridom ved
bruk av eigenmelding. Arbeidstakarane skal kunne nytta
eigenmelding i 24 kalenderdagar i løpet av ein periode på
12 månader, og det er opp til den enkelte korleis dagane
skal nyttast. Denne valfridomen inneber at eigenmelding til
dømes kan brukast for 24 enkeltdagar.
Eigenmelding kan ikkje nyttast i meir enn 8 dagar per
fråværstilfelle. Ved nytt sjukefråvær innan 16 dagar blir
tidlegare fråværsdager som det ikkje ligg føre
sjukmeldingsattest for, også rekna med. Når arbeidstakaren
har brukt opp dei åtte eigenmeldingsdagane i løpet av ein
16 dagers periode, må han/ho arbeida samanhengjande i 16
kalenderdagar før eigenmelding kan brukast på nytt.
Logg inn for å kommentere