UiO inngår avtale med Universitetet i Teheran

Universitetet i Oslo har som den første utdanningsinstitusjonen i Noreg skrive under ein samarbeidsavtale med Irans største universitet, Universitetet i Teheran. Student- og forskarutveksling kan bli resultatet.

LETTARE: - Ein samarbeidsavtale vil gjera det lettare for forskarar frå universitetet vårt å samarbeida med forskarar frå UiO, seier internasjonal direktør M. Faezipour ved Universitetet i Teheran.
Foto: Ola Sæther

Avtalen vil gjera det lettare for både norske studentar og forskarar som interesserer seg for Iran å opphalda seg i landet. Førsteamanuensis iMidtaustens historie, Bjørn Olav Utvik helsar avtalen velkomen.

- Dette kan opna mange dører i Iran for forskarar som vil samla data til eit forskingsprosjekt og studentar som ynskjer å samla stoff til ei hovudoppgåve, seier han.

I 2003 var han sjølv på eit fem månader langt forskingsopphald ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Teheran.

- Me har så smått kome i gang med eit samarbeid med Senter for utviklingsstudiar ved det fakultetet. Eit viktig prosjekt er å sjå på korleis forskjellige religiøse rørsler har påverka den politiske utviklinga i Midtausten. Her vil sjølvsagt det 25 år lange religiøse styret i Iran vera eit viktig tema, som også vil vera interessant for religionshistorikarar, er han overtydd om.

Førebels trur han det vil bli lettare for norske studentar å dra til Universitetet i Teheran enn det vil bli å få iranske studentar til Universitetet i Oslo.

Lettast med forskarutveksling

- Kvoteprogrammet er allereie fullteikna, så me må prøva å finna andre ordningar før det kan skje. Norske studentar kan jo ta eit persiskkurs for utanlandske studentar og få støtte frå Lånekassen til det, konstaterer han.

- Det vil nok vera lettare å få til forskarutveksling sidan det ikkje er avhengig av noko fast program slik studentutveksling er, slår han fast.

Når det gjeld studieopphald for studentar, så trur han det også vil vera mogleg for andre enn språkstudentar.

- Studentar i statsvitskap som skriv om Iran, kan få høve til å koma inn på eit kurs i persisk ved Universitetet i Teheran. Nokre av dei vil også kunna få rettleiing på engelsk eller hjelp til tolking frå universitetet. Og akademikarar i Iran er svært interessert i eit slikt samarbeid, veit han.

Sjef for seksjon for internasjonale program ved UiO, Hélène Ullerø, synest det er fint at UiO og Universitetet i Teheran endeleg har kunna skriva under ein avtale om samarbeid.

- I første omgang vil dette vera til mest nytte for studentar som studerer persisk, men også andre fagmiljø som er interesserte i eit meir formalisert samarbeid med dette universitetet, vil koma inn under denne avtalen, opplyser ho til Uniforum.

Irans beste universitet

I november i fjor var Uniforum i kontakt med direktør M. Faezipour ved Kontoret for internasjonale saker ved Universitetet i Teheran. Då såg han fram til dei positive fylgjene av ein formell samarbeidsavtale med UiO.

- Det vil gjera det lettare for forskarar frå universitetet vårt å samarbeida med forskarar frå UiO. Men kva felles prosjekt dei kan tenkja seg å forska på, bestemmer jo dei aktuelle forskarane. Så lenge forskarane på begge sider er gode intellektuelle, vil dei heilt sikkert finna fram til prosjekt som dei kan arbeida med i fellesskap, trudde Faezipour.

I dag er det 300 utanlandske og 30 000 iranske studentar ved Irans største universitet. Universitetet er også rekna for Irans beste, og ingen fag er dårlegare enn nummer tre på ti-på-topp-lista i Iran, opplyste han til Uniforum. Han såg føre seg fleire fagområde som han trudde ville interessera norske forskarar.

- Persisk språk og arkeologi er blant desse faga. Dessutan håpar eg det vil vera mogleg for norske og iranske forskarar å bruka eit sabbatsår på eit lengre opphald ved dei respektive universiteta våre. Så kunne vertsuniversitetet dekka losji og stilla kontor til disposisjon, håpa Faezipour.

Universitetet i Teheran

- grunnlagt i 1933
- 1500 forskarar
- 2000 teknisk/administrative tilsette
-30 000 studentar
- 20 fakultet
- 300 utanlandske studentar frå 60 land

Emneord: Internasjonalisering, Iran Av Martin Toft
Publisert 4. feb. 2004 11:07 - Sist endra 10. des. 2008 16:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere