Klokka 0300 i natt braut innbrotstjuvar seg inn i Mix-kiosken i Frederikke-bygningen på Blindern. Innbrotet blei oppdaga av ein av sikringsvaktene til UiO ein time seinare. Tjuvane er framleis på frifot. Sikringsrådgjevar Trond Eriksen har sin eigen teori om kva som har skjedd.
-Gøymde seg
- Innbrotstjuvane har truleg kome seg inn i bygningen før stengetid og gøymt seg der til dei følte at kysten var klar og dei kunne setja i gang med å bryta seg inn i kiosken. Det ser ut som om dei har kome inn gjennom glasveggen som skil kiosken frå Café Frederik, seier Eriksen til Uniforum. .
-Spør ukjente kven dei er!
Den siste månaden har det altså vore to innbrot i kiosken, medan det er rapportert om tjuveri av PC-ar og anna utstyr i andre universitetsbygningar. Det vil likevel ikkje føra til endringar i vakthaldet ved UiO.
- Det er klart at me stadig har det oppe til vurdering. Akkurat no er det viktigaste at folk ser etter om det er ubedne gjester på arbeidsplassen deira før dei går heim om kvelden. Det vil heller ikkje skada om folk spør ukjente personar kven dei er og kven dei skal besøkja, seier Trond Eriksen.
Logg inn for å kommentere