Kristin Clemet: -Viktig å avklara tilknytingsforma

- Det var viktig å få ei avklaring på spørsmålet om tilknytingsform så fort som mogleg slik at departementet kunne konsentrera seg om andre arbeidsoppgåver. Difor bad eg regjeringa om å bestemma at universiteta og høgskulane framleis skulle vera statlege forvaltingsorgan. Det sa utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet i ein samtale med Uniforum og Forskerforum før helga.

-- Det var viktig å avklara spørsmålet om tilknytingsform så tidleg som mogleg, sa Kristin Clemet. Difor blir universiteta også i framtida statlege forvaltingsorgan.
Foto: Martin Toft

Det var under ein konferanse om røynslene med Kvalitetsreforma, statsråd Kristin Clemet tok seg tid til ein prat med redaktørane for Uniforum og Forskerforum om kva som var bakgrunnen for at ho heilt overraskande hadde kome fram til at universiteta og høgskulane skulle halda fram som statlege forvaltingsorgan med særskilde fullmakter.

- Det var viktig å få rydda opp i dette spørsmålet så fort som mogleg, også internt i departementet. Både høyringsfråsegnene og møta me skipa til for å forklara innhaldet i forslaget til Ny lov om universitet og høgskular, peika på at det var eit sterkt ynske frå universiteta og dei universitetstilsette å halda fast på dagens tilknytingsform. Desse argumenta har vore både gode og sterke og eg har vald å ta omsyn til dei, forklarte ho.

- Professoroppropet samla jo over 4000 underskrifter i protest mot forslag til endring i tilknytingsform. Har ikkje denne aksjonen spelt noko rolle for avgjerda di?

- Nei, eg har berre tatt omsyn til seriøse innspel som høyringsmøta og høyringsfråsegnene. Professoroppropet tok jo til lenge før medlemane av Ryssdal-utvalet sjølve visste kva konklusjonar dei ville landa på, minte ho om. Clemet peika også på at ho ville vurdera å greia ut om det skal opnast for andre tilknytingsformer for dei lærestadene som ville søkja om det.

- Dessutan har eg lagt vekt på at dei universitetstilsette er i ferd med å gjennomføra Kvalitetsreforma. Den har gått mykje betre enn venta. Faktisk har mange av lærestadene mest overoppfylt intensjonane i denne reforma, så difor blei eg overtydd av dei som argumenterte for at det ville bli for mykje å få enda ei ny reform så kort tid etter, syntest ho.

- No vil det bli mogleg å diskutera andre delar av innhaldet i forslaget til ny universitets- og høgskulelov, som til dømes kva rolle rektor skal ha og kor mange eksterne representantar det skal vera i eit universitetstyre, la ho til.

- Har du lagt merke til at fagforeiningane og studentorganisasjonane rosar deg på grunn av denne avgjerda?

- Ja, eg har allereie mottatt fleire blomsterbukettar frå dei. Og det synest eg er heilt OK, så lenge dei meinte så mykje om tilknytingsform så lenge og så sterkt, sa ho.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 17. feb. 2004 16:32 - Sist endra 10. des. 2008 15:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere