Filmar avhandling om tidsklemma

Tempo! Det er tittelen på verdas første kortfilm som er basert på ei doktoravhandling om tidsklemma til barnefamiliane. Doktoravhandlinga er skriven av forskar Ulla-Britt Lilleaas ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, og Eva Dahr er regissøren som blei inspirert av arbeidet hennar.

TIDSKLEMMA: Forskingsarbeidet til Ulla-Britt Lilleaas t.h.. har inspirert filmregissør Eva Dahr til å laga film om tidsklemma til barnefamiliane. I midten barnehagebarnet Dion.

Foto: Martin Toft

For eitt år sidan disputerte Ulla-Britt Lilleaas med ei doktoravhandling om blant anna korleis barnefamiliane taklar tidsklemma. Konklusjonen var at så lenge eit par har eitt barn, klarer dei å vera idealistiske og praktisera likestilling.

Etter at det andre barnet har kome til verda, blir det så travelt for foreldra at mor og far fell tilbake til det gamle kjønnsrollemønsteret. Mora går ned i stilling og far byrjar å jobba dobbelt så mykje som før for å få reknestykket til å gå opp. I mars i fjor skreiv Aftenposten ein artikkel om denne doktoravhandlinga. Artikkelen blei lesen av filmregissør Eva Dahr.

- Eg tok straks kontakt med Ulla-Britt og spurte henne om det var mogleg å få lov til å laga eit filmprosjekt basert på funna i doktoravhandlinga hennar.

- Og det sa eg sjølvsagt ja til, skyt Ulla-Britt Lilleaas inn.

Ulla-Britt Lilleaas
- forskar ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi
- i 2003 skreiv ho doktoravhandlinga "Fra en kropp i ustand til kroppen i det moderne"
- har saman med Karin Widerberg skrive "Trøtthetens tid", Pax Forlag
- har saman med Dag Ellingsen skrive "Kvinnekroppens kår", Fagbokforlaget
- eit prosjekt om kvinner med kroniske muskelsmerter resulterte i dokumentarfilmen "Smertefotografen" av Nefise Özkal Lorentzen.

Eit døgn i livet til ein kjernefamilie

Gjennom samtalar og gjennomgang av materialet byrja Eva Dahr å skriva ei kort dramatisering av eit døgn i livet til ein kjernefamilie.

- Filmen handlar om Line og Geir på 30 år og barna deira, Emil på to år og Maria på fem, fortel Eva Dahr. Begge barna har barnehageplass, men i kvar sin barnehage. Familien har nettopp flytta inn i eit rekkjehus. Badet treng modernisering og det har dei bestemt seg for å gjera sjølv, det vil seia at faren må gjera det. Problemet er at han aldri har fått tid til å gjera det ferdig, så difor er det så vidt familien kan bruka dusjen og toalettet, fortel Dahr. Foreldra har gode jobbar, men så skjer det brått noko uventa.

- Småbarnsmora Line hadde eigentleg tenkt å arbeida mindre, men så får ho brått tilbod om ein høgare og betre betalt stilling på arbeidsplassen sin. Han forstår med ein gong at meir av husarbeidet og ansvaret for barna vil falla på han, men han er lojal og vil akseptera det. Det er verre å svelgja det faktum at ho vil tena betre enn han, om ho seier ja, smiler Eva Dahr. Meir vil ho ikkje avsløra av innhaldet i filmen, bortsett frå at den endar med eit håp.

Kunnskap til folket

Ulla-Britt Lilleaas er svært oppglødd over at temaet i avhandlinga hennar blir omgjort til ein 15 minuttar lang kortfilm.

- Dette er eit godt døme på at kunnskap frå universitetet kan koma ut til det vanlege publikum. Difor håpar me at filmframsyninga kan bli fylgd opp av diskusjonar om tidsklemma til barnefamiliane, seier Lilleaas.

- Dei fleste familiane held truleg dette problemet innanfor huset sine fire veggar. Men det er naudsynt at folk blir merksame på at dette gjeld for fleire. Gjennom filmen kan folk lettare kjenna seg igjen i denne situasjonen, trur ho.

Kvile

På mange måtar kan tidsklemma gå på livet laus.
- Kvinnene klarer ikkje å slappa av etter at dei har kome heim frå jobb, medan mennene ofte tar seg god tid til kvile og meiner at oppvask og golvvask kan venta til seinare. Når det gjeld behovet for kvile, så kan kvinnene læra av mennene medan mennene kan læra logistikk og kunsten å ha to ting i hovudet samtidig av kvinnene, meiner Lilleaas.

Eva Dahr
- filmregissør utdanna ved Høgskulen i Volda
- debuterte med spelefilmen "Brennende blomster" saman med Eva Isaksen
- har laga fleire prisløna kortfilmar, blant anna "En mann", som fekk Amanda og prisen for beste film under Kortfilmfestivalen i Grimstad
- har laga novellefilmar for barn i tillegg til oppdragsfilmar for Landbruksmuseet, Forsvarsmuseet og Vegdirektoratet.

Eva Dahr har lese heile avhandlinga.
- Eg blei svært overraska då eg oppdaga at den var skrive på eit forståeleg språk og at eg forsto heile innhaldet. Dermed blei det også mogleg å dramatisera stoffet, seier ho.

Begge sette i gang med å søkja om økonomisk støtte til filmen. I dag er finansieringa i boks takka vera bidrag frå Barne- og familiedepartementet, Noregs forskingsråd og Norsk filmfond. Begge håpar at røynslene med å knyta saman forsking og kultur skal føra til fleire slike prosjekt i framtida.

- Filminnspelinga tar til rett før påske, og filmen skal vera klar like etter sommarferien, lovar Eva Dahr.

Emneord: Forskning, Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 20. feb. 2004 15:22 - Sist endra 16. des. 2008 15:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere