Stor motstand mot fusjon på HF

HF-dekan Bjarne Rogan fekk berre støtte frå to av dei 16 personane som tok ordet under allmøtet om forslaget til ny instituttstruktur fredag 23. januar. - Eg veit at eg likevel har støtte frå mange av dei tilsette, sjølv om få av dei tok ordet, sa Bjarne Rogan.

MOTSTAND: Dekan Bjarne Rogan møtte stor motstand mot fusjonsforslaget på HFs allmøte.
Foto: Ola Sæther

Over 400 HF-tilsette dukka opp på allmøtet Georg Sverdrups hus fredag 23. januar for å diskutera forslaget til ny instituttstruktur ved fakultetet. Arbeidsgruppa som har jobba med denne saka, går inn for å redusera talet på institutt frå tolv til sju, og slå saman fagområde som tidlegare har tilhøyrd forskjellige institutt, og skilja fag som har tilhøyrd same institutt.

Politisk streik

Blant dei 16 som tok ordet på allmøtet var det truleg professor Jorunn Bjørgum ved Historisk institutt som var mest radikal.

- Eg foreslår at me går til politisk streik mot dette forslaget for å visa kor alvorleg me synest situasjonen er, utbasunerte ho. - Me må difor be fakultetsstyret om å forkasta forslaget, la ho til. Ho viste til at det ikkje var lenger enn 15 år sidan førre omstrukturering ved fakultetet.

- No når det endeleg byrjar å fungera, skal me altså enda ein gong bryta opp instituttgrensene og blant anna splitta språkfaga. Eg har enno til gode å høyra nokre gode argument om kvifor det skal vera naudsynt, slo ho fast.

- Ikkje utan fornuft og meining

Også professorkollegaen hennar, Jan Eivind Myhre, såg med svært lite blide augo på framlegget frå arbeidsgruppa.

- Det er sikkert ikkje heilt utan fornuft og meining, men det inneheld i alle fall svært lite av det, meinte han.

- Også i dag er institutta store, og kva vil me tena på at det blir ein storebror og mange småsystrer på fleirtalet av dei nye institutta? spurte han. Andre viste til at det ville vera problem med å finna lokale til dei nye institutta.

- Vil skapa problem

- Det blir snakka om at me skal inn i den gamle bygningen til Preklinisk odontologi, men det er enno ikkje bestemt av universitetsleiinga, peika førsteamanuensis Hilde Sandvik ved Historisk institutt på.

- Den nye instituttstrukturen vil kanskje løysa problem for fakultetsleiinga, men den vil skapa problem for grunnplanet, varsla ho.

Førsteamanuensis Ole Moen ved Institutt for britiske og amerikanske studiar (IBA) kom inn på forslaget om å skilja kulturkunnskapsfaget frå resten av språkfaga.

- Eg er vanlegvis ikkje imot endringar, men i denne saka har eg ikkje sett gode nok grunngjevingar for kvifor det er naudsynt å splitta språkfaga. I dag fungerer kulturkunnskapsfaget godt hos språkinstitutta, og me er sjølvsagt ikkje interesserte i å flytta eit anna institutt som ikkje er interessert i å ta imot oss. I denne saka må fakultetsleiinga lytta til fagmiljøet og ikkje fylgja Gudmund Hernes´råd om at dersom du skal innføra ei reform, er det viktig at du ikkje gir motkreftene tid til å samla seg. Elles er det mi meining at fakultetet bør nedleggjast, resonnerte Moen.

- Gir meir makt til institutta

Av dei som tok ordet var det førsteamanuensis Bjørn Olav Utvik ved Institutt for austeuropeiske og orientalske studiar som gjekk lengst i å støtta forslaget om å fusjonera institutta ved fakultetet.

- Dette er faktisk eit forsøk på å leggja meir makt til institutta og redusera makta til fakultetsleiinga. Er det ikkje det de vil, då? Det vil dessutan bli mykje lettare å få til tverrfagleg samarbeid mellom forskarane om dei tilhøyrer same institutt. Og eg trur at mange også vil få det betre med ei nyorganisering av institutta. Det er ikkje alle som har det bra i dag, konstaterte Utvik.

- De uttrykkjer frustrasjon over at de ikkje er blitt tatt med på råd, men kva er dette allmøtet då? Her kan de jo få ut frustrasjonen dykkar og få sagt det de meiner om forslaget, la han til.

- Rak rygg

Dekan Bjarne Rogan gav likevel ikkje opp ideen om å innføra ein ny instituttstruktur etter dette allmøtet.

- Dette var "eine grausame Salbe," men eg har fått mange andre synspunkt enn dei som kom fram no. Difor kan eg framleis stå her med rak rygg. Dessutan må de hugsa på at arbeidet me å reformera instituttstrukturen blei sett i gang av det førre dekanatet, som var leia av Even Hovdhaugen. Me har nok alle felles mål, men me er ueinige om kva tiltak som det er naudsynt å setja i verk, var sluttreplikken til HF-dekanen på dette allmøtet.

Emneord: Universitetspolitikk, Fakultetene, HF: nytt institutt for språk Av Martin Toft
Publisert 26. jan. 2004 11:21 - Sist endra 10. des. 2008 15:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere