Norum i ordkrig med USAs helseminister
-USA set helsa til millionar av ungdomar på spel ved ikkje å gjera noko med fedmeepidemien av omsyn til sukkerlobbyen. Det skriv medisinprofessor Kaare R. Norum, UiO i eit brev til USAs helseminister Tommy Thompson, melder den britiske avisa The Observer.
PÅ KRIGSSTIEN: Professor i ernæring, Kaare R. Norum er på krigsstien mot USAs helseminister og sukkerindustrien.
Foto:
Trine Nickelsen
Han uttrykkjer stor vreide over at USA ikkje vil støtta
Verdas helseorganisasjon sin kamp mot overvekt.
UiO-professoren leiar også ein komité som Verdas
helseorganisasjon har sett ned som skal sjå på korleis det
skal gå an å få ned talet på livsstilssjukdomar som diabetes,
overvekt og hjarte- og karsjukdomar.
- Heilt sidan 1990 har USAs skiftande regjeringar blokkert
WHOs varsel om handling mot denne verdsomfattande epidemien,
seier Norum til avisa.
Emneord:
Medisin
Publisert 19. jan. 2004 16:50
- Sist endra 10. des. 2008 15:34
Logg inn for å kommentere