Noregs Bank gir professorat til Økonomisk institutt

Noregs Bank gir for første gong i historia eit professorat i gåve til Økonomisk institutt, UiO. - Det er flott at oljepengane til staten også kan brukast til å styrkja forskingsmiljøet vårt, seier instituttstyrar Ragnar Nymoen.

OLJEPENGAR: - Det er flott at Noregs Bank kan bruka oljepengane til staten for å styrkja forskingsmiljøet vårt, seier instituttstyrar Ragnar Nymoen ved Økonomisk insitutt.
Foto: Martin Toft

- Det var rett før sommarferien leiinga i Noregs Bank første gong tok kontakt med oss for å gi melding om at dei var interesserte i å finansiera eit professorat i makroøkonomisk forsking med relevans for pengepolitikk, fortel Nymoen.

Professoratet skal finansierast av Noregs Bank i to sjuårsperiodar før instituttet sjølv vil ta over ansvaret for den nyoppretta stillinga.. Stillinga vil bli utlyst internasjonalt og tilsetjinga vil fylgja vanleg akademisk prosedyre. Med stillinga fylgjer det også eit årleg driftsbudsjett på 400 000 kroner.

- Det er meininga at desse pengane skal brukast til reiser for den som blir tilsett i professorat, men også til finansiering av seminar og honorar til utanlandske gjesteforskarar, forklarar Nymoen, som trur at instituttet kan ha tilsett ein person i stillinga allereie neste sommar. Det knyter seg også ein del vilkår til gåveprofessoratet.

- Ja, det er jo klart at den som blir tilsett skal driva forskinga si innanfor det som kan kallast for makroøkonomi. Det er truleg fordi Noregs Bank ynskjer styrkja forskingsaktiviteten innanfor pengepolitikken at sentralbanksjef Svein Gjedrem har bestemt seg for å gi oss denne gåva , meiner Nymoen.

- Den som blir tilsett skal på vanleg måte kunna delta i samfunnsdebatten og sjølvsagt også stå fritt til å kritisera Noregs Bank om vedkomande finn grunn til det, understrekar Nymoen.

- Det som er det fine med denne gåva frå Noregs Bank, er at om det blir ein intern søkjar som får stillinga, vil det likevel bli utlyst ei ekstra vitskapleg stilling. Det vil seia at me får ei vitskapleg stilling i tillegg til dei me har i dag, seier Ragnar Nymoen.

Tidlegare er det berre pensjonert professor Preben Munthe som har sete i eit gåveprofessorat ved Økonomisk institutt. Professoratet hans i distribusjonsøkonomi blei dei første fem åra finansiert av Krigsforsikringa for varelageret.

Underskrivingsseremonien vil skje måndag 16. desember klokka 1415 i det store møterommet i 10 etasje i Administrasjonsbygningen, Problemvn. 7 på Blindern. Då vil sentralbanksjef Svein Gjedrem, universitetsdirektør Tor Saglie og instituttstyrar Ragnar Nymoen setja namnetrekka sine på den formelle avtalen om dette gåveprofessoratet.

Emneord: Forskning Av Martin Toft
Publisert 13. des. 2002 14:43 - Sist endra 10. des. 2008 15:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere