HFs formidlingspris til Jan Erik Ebbestad Hansen

Professor i idéhistorie, Jan Erik Ebbestad Hansen er tildelt HFs formidlingspris for 2002. Han har fått prisen for det tre bind store verket Norsk tro og tanke .

PRISA: Professor i idéhistorie, Jan Erik Ebbestad Hansen har nettopp fått tildelt HFs formidlingspris på 10 000 kroner.
Foto: Martin Toft

Også dei to bøkene han har skrive om kunstmålaren Odd Nerdrum, blei trekte fram som døme på breidda i formidlingsverksemda hans. Men ikkje minst peika altså prisjuryen på trebindsverket Norsk tro og tanke og den viktige faglege diskusjonen det aller siste bindet i dette verket, som omhandla perioden 1945-2000, skapte, fordi mange av dei som var omtalte i høgste grad var i live. Under prisutdelinga 6. desember gav Ebbestad Hansen difor fylgjande råd til andre forskarar som hadde planar om å publisera bøker:

- Forviss dykk om at alle dei som de omtalar er døde. Om dei framleis er i live, vil dei utan tvil ta til motmæle, sa han med eit lurt glimt i auget. Ebbestad Hansen slo også eit slag for formidlinga gjennom avisene.

- Det er viktigare for dei vitskapleg tilsette å publisera på norsk i Akersgata for eit stort publikum enn å publisera for dei ti betrevitarane som vil lesa ein fagartikkel i eit vitskapleg tidsskrift som Massaschussets Academic Quarterly, held han fast på i kåseriet som han måtte halda som takk for prisen.

Dei to hovudfagsstudentane Jacob Høigilt og Ulrik Eriksen fekk samtidig utdelt ein delt førstepris på 10 000 kroner kvar for to essay som dei hadde publisert i norske aviser. Høigilt fekk prisen for ein kronikk han hadde skrive der han hadde samanlikna fundamentalistiske islamske rørsler med høgrepartia i Europa medan Ulrik Eriksen fekk prisen for essayet /Roger and me./ der han skreiv ei melding om ein amerikansk dokumentarfilm.

Emneord: Fakultetene, Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 16. des. 2002 14:01 - Sist endra 10. des. 2008 15:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere