Då fristen for å foreslå kandidatar for dei vitskapleg tilsette til kollegievalet gjekk ut seint på ettermiddagen torsdag 31. oktober, var det komne inn seks namn til valstyret. Blant desse seks er dagens fem representantar for dei vitskapleg tilsette i Kollegiet, altså professor Kristian Gundersen, Biologisk institutt, professor Gunnar Handal, Pedagogisk forskingsinstitutt, professor Gunnar Nicolaisen, Instituttgruppe for medisinske basalfag, Harriet Bjerrum Nielsen og førsteamanuensis Camilla Serck-Hanssen, Filosofisk institutt.
I tillegg er altså professor Aanund Hylland, Økonomisk institutt foreslått som kandidat til Kollegiet. Alle desse forslaga er kunngjorde innan fristen og godkjende av valstyret. Alle kandidatane har også sagt seg villige til å lata seg velja.
Det skal veljast inn to kandidatar for dei vitskapleg tilsette i det nye Kollegiet, medan det til no har sete fem representantar for dei vitskapleg tilsette i Kollegiet. Dessutan skal det veljast to vararepresentantar til det nye Kollegiet, som vil byrja å fungera frå årsskiftet og ut 2005.
Det nye Kollegiet vil få elleve representantar, rektor og prorektor, to frå dei vitskapleg tilsette, ein frå dei teknisk/administrativt tilsette, fire eksterne representantar og to studentrepresentantar. Dei som kan delta i valet av dei vitskapleg tilsette sine to representantar til Kollegiet, kan gjera det ved å senda inn stemma si i internposten til Universitetet i Oslo innan valdagen 18. november. Det er også høve til å levera stemma direkte til Valstyret v/valsekretariatet i 5. etasje i Administrasjonsbygningen på Blindern.
Når det gjeld valet av ein kandidat til Kollegiet for dei teknisk/administrativt tilsette, er fristen for innlevering av forslag til namn sett til torsdag 7. november 2002 klokka 16. Valdagen er tysdag 26.november. Kven dei to nye eksterne kandidatane til Kollegiet og studentrepresentantane blir, skal avgjerast seinare i år.
Debattmøte
Tysdag 5. november klokka 16.30-18.00 blir det
debattmøte i Aud. 1 i Georg Sverdrups hus mellom kandidatane
som stiller til val som representantar for dei vitskapleg
tilsette.
Møtet blir leia av tidlegare redaktør av Forskerforum, Jan
Zahl. Det blir enkel servering.
Møtet til dei teknisk-administrativt tilsette er tysdag 19. november til same tid og stad. Det blir enkel servering.
Dei som vil vita meir om kollegievalet, kan klikka seg inn på nettsida nedanfor.
Logg inn for å kommentere