NY: Gundersen og Bjerrum Nielsen vann kollegievalet

Kristian Gundersen frå Biologisk institutt og Harriet Bjerrum Nielsen frå Senter for kvinne- og kjønnsforsking er valde inn i det nye kollegiet som representantar for dei vitskapleg tilsette. Etter at alle stemmene var talde opp, hadde Kristian Gundersen fått 453 stemmer medan Harriet Bjerrum Nielsen hadde fått 358 stemmer.

KANDIDATAR PÅ PROFFEN: Kristian Gundersen (t.v.) var glad for å bli valt inn i det nye Kollegiet. Camilla Serck-Hanssen og Aanund Hylland var begge skuffa over ikkje å bli valde.
Foto: Martin Toft

- Eg hadde trudd det hadde blitt ein jamnare oppslutnad mellom kandidatane enn det det blei. Dette resultatet tolkar eg difor som ei legitimering av mine universitetspolitiske standpunkt, sa Gundersen etter at valresultatet blei kjent.

Den andre vinnaren, Harriet Bjerrum Nielsen var i Kina under valet, men ho har vore inne på nettet og fått med seg resultatet.

- Eg er sjølvsagt glad for å bli valt, først og fremst fordi det viser at det finst ei brei støtte blant dei vitskapleg tilsette til å tenkja på tvers av etablerte fag- og disiplinskiljer. Eg vil bruka plassen min i Kollegiet til å jobba for kvalitet i alle deler av verksemda til universitetet - på ein måte som er i samsvar med ei open haldning, fornying, mangfald og likestilling. Med færre interne representantar blir det dessutan no ekstra viktig for dei som er valde å halda seg i god kontakt med alle fakultet og mange ulike fagmiljø.

Gunnar Nicolaysen frå Instituttgruppe for basalmedisin blir 1.vararepresentant og Camilla Serck-Hanssen blir 2.vararepresentant til det nye kollegiet. Av dei seks kandidatane var det Gunnar Handal frå Pedagogisk forskingsinstitutt som gjekk først ut fordi han fekk færrast stemmer. Deretter rauk Aanund Hylland frå Økonomisk institutt ut. Til saman blei det gitt 1163 stemmer medan talet på røysteføre var på 2676 personar. Det gir ei valdeltaking på 43,5 %.

Motpolar

Kristian Gundersen og Harriet Bjerrum Nielsen er blitt sett på som motpolar i dagens kollegium. Det vedgår også Kristian Gundersen.

- På ein måte er eg litt uroa over at Harriet Bjerrum Nielsen og eg sjølv, som har heilt forskjellige universitetspolitiske standpunkt, skal sitja i det nye kollegiet som representantar for dei vitskapleg tilsette. På den andre sida er det jo eit viktig demokratisk prinsipp at fleire forskjellige universitetspolitiske synspunkt er representerte i Kollegiet.

- Vil dette seia at du må inngå alliansar med andre enn den andre representanten for dei vitskaplege tilsette?

- Ja, men samtidig så må me hugsa på at både rektor og prorektor også er representantar for dei vitskapleg tilsette. Og eg håpar eg kan halda fram med det gode samarbeidet med dei to i det nye kollegiet, understrekar Gundersen, som dessutan har peika ut to saker han vil kjempa hardt for i UiOs øvste styringsorgan.

- Det er viktig for meg å setja faglegskapen og forskinga i sentrum. Samtidig vil eg også kjempa for at UiO skal setja grunnplanet i sentrum. I åra framover blir kanskje den viktigaste skiljelinja i universitetspolitikken forholdet mellom sentrum og periferi i organisasjonen. Skal vedtaka takast på periferi- eller sentrumsnivå? Det blir eit sentralt spørsmål, trur Gundersen. Også Harriet Bjerrum Nielsen er fullstendig klar over at ho og Kristian Gundersen har forskjellige universitetspolitiske synspunkt.

- Når det skal veljast to representantar, er det difor rimeleg at det kjem inn ein frå kvar 'side'. Det som er viktig no er å unngå grøftegraving og heller etablera ein dialog mellom dei ulike oppfatningane. Me må prøva å nyansera synspunkta, finna det som kan sameina, meir enn det som skiljer. Det håpar eg me skal få til - ikkje berre Kristian Gundersen og meg, men heile det nye kollegiet i fellesskap.

Skuffa

Under valvaka 18. oktober sat Kristian Gundersen saman med to av dei andre fem kandidatane til Kollegiet, Camilla Serck-Hanssen og Aanund Hylland. Begge var svært lei seg over at dei ikkje blei valde inn i Kollegiet.
- Det er klart at eg er skuffa over at eg ikkje fekk meir støtte, sa Hylland i ein kommentar til Uniforum.

- Kva synest du om dei to representantane som blei valde?

- Det er to personar som slett ikkje utfyller kvarandre godt. Men det er klart at det er sunt at to forskjellige sider er representerte, meiner Hylland, som helst ikkje vil gi nokre råd til dei to.
Camilla Serck-Hanssen legg heller ikkje skjul på at ho hadde håpa på eit anna resultat.

- Sjølvsagt er eg ikkje glad for ikkje å bli valt.

- Kva synest du om dei to som blei valde inn i Kollegiet?

- Eg er veldig glad for at Kristian Gundersen blei valt inn. Men eg er redd for at det ikkje blir noko lett samarbeid mellom han og Harriet Bjerrum Nielsen, seier Camilla Serck-Hanssen.

I det nye kollegiet vil det sitja to representantar frå dei vitskapleg tilsette utanom rektor og prorektor, ein representant for dei teknisk-administrativt tilsette, fire eksterne representantar og to studentrepresentantar. Resultatet av valet av ein kollegierepresentant for dei teknisk-administrativt tilsette blir kjent om kvelden 26. november.

(Oppdatert 20. november 2002)

Emneord: Universitetspolitikk, Kollegievalget 2002 Av Martin Toft
Publisert 19. nov. 2002 11:40 - Sist endra 10. des. 2008 15:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere