Gunnar Nicolaysen frå Instituttgruppe for basalmedisin blir 1. vararepresentant og Camilla Serck-Hanssen blir 2.vararepresentant til det nye Kollegiet. Av dei seks kandidatane var det Gunnar Handal frå Pedagogisk forskingsinstitutt som først gjekk ut fordi han fekk færrast stemmer, dernest rauk Aanund Hylland frå Økonomisk institutt ut. Til saman blei det gitt 1163 stemmer medan talet på røysteføre er på 2676 personar. Det gir ei valdeltaking på 43,5 %.
I det nye kollegiet vil det sitja to representantar frå dei vitskapleg tilsette utanom rektor og prorektor, ein representant for dei teknisk-administrativt tilsette, fire eksterne representantar og to studentrepresentantar. Resultatet av valet av ein kollegierepresentant for dei teknisk-administrativt tilsette blir kjent om kvelden 26. november.
Uniforum kjem tilbake med fleire kommentarar frå kandidatane tysdag formiddag.
Logg inn for å kommentere