Klar usemje mellom kollegiekandidatar

Det er klare universitetspolitiske skiljelinjer mellom Harriet Bjerrum Nielsen og Gunnar Handal på den eine sida og Camilla Serck-Hanssen og Kristian Gundersen på den andre. Det avslørte debattmøtet mellom kollegiekandidatane 5. november. Gunnar Nicolaysen og Aanund Hylland var dei to einaste som ikkje hadde nokon klar alliansepartnar blant dei andre kandidatane. Berre to av dei seks kandidatane kan veljast inn i det nye kollegiet, og på grunn av kjønnskvotering må det vera ei kvinne og ein mann.

SEKS KANDIDATAR: Camilla Serck-Hanssen, Harriet Bjerrum Nielsen, Gunnar Nicolaisen, Aanund Hylland, Gunnar Handal og Kristian Gundersen er alle kandidatar til to plassar i det nye kollegiet.
Foto: Ståle Skogstad

60 personar dukka opp på debattmøtet som blei leia med myndig og stødig hand av frilansjournalist Jan Zahl. Han let kvar kandidat sleppa til med ein appell etter alfabetisk rekkjefylgje. Zahl gav difor ordet først til biologiprofessor Kristian Gundersen.

- Sidan det skal sitja to representantar for forskarane og heile fire eksterne representantar i det nye kollegiet, blir det svært viktig at de vel inn sterke representantar for fagmiljøa. Nokon som kan vera både klare og tydelege, understreka han. Han peika også på sentrum-periferi-problemet ved UiO.

- På det siste kollegiemøtet var det oppe eit framlegg om å løyva pengar til fleksibel læring der halvparten av summen skulle gå til USIT og den andre halvparten til fagmiljøa. Camilla Serck-Hanssen og eg foreslo ei endra fordeling der meir av pengane skulle gå til fagmiljøa fordi alle fakulteta ville ha behov for meir av desse pengane. Forslaget fekk berre Camillas og mi stemme, konstaterte han. Han tok også opp rolla til programstyra.

- Då me såg at programstyra kunne bli sementerte til eit nytt fjerde organisasjonsnivå utanfor Kollegiets og instituttstyret sin kontroll, kom Camilla og eg med framlegg om ikkje å gjera desse styra permanente. Det fekk me fleirtal for i Kollegiet. Eg synest dessutan det blir lagt for stor vekt på lågaregradsundervisninga i høve til undervisninga på hovudfags- og doktorgradsnivå, sa Gundersen.

Pedagogikkprofessor Gunnar Handal syntest det var viktig å halda fast på dei sentrale verdiane ved universitetet.

- Det vil seia alle dei verdiane me er einige om, som forskingsbasert undervisning, formidling av og mellom kulturar. To andre viktige verdiar er fellesskap og samarbeid. Me må vedgå at ulike fag og forskingstradisjonar er ulike, men likevel naudsynte for UiOs del, konstaterte han, før han viste til korleis UiO hadde satsa på toppforsking dei siste åra.

- Alle i Kollegiet har vore einige i å satsa ekstra hardt på spissforskinga ved dei naturvitskaplege og medisinske fakulteta. Difor må også dei som tilhøyrer dette miljøet, vera med og støtta sterke forskingsmiljø utanfor dei naturvitskaplege miljøa når me skal satsa på til dømes humanistisk forsking, sa Handal.

Han understreka sterkt kor stort ansvar dei to representantane for dei vitskapleg tilsette vil få i det nye kollegiet etter nyttår.

- Det blir enda viktigare enn før at dei representerer heile universitetet, og kan sjå på det som ein heilskap, understreka han, før han overlet ordet til økonomiprofessor Aanund Hylland.

- Kollegiets rolle er ikkje å styra universitetet, men å leggja forholda til rette for organisering av mangfaldet. Kollegiet må leggja forholda til rette for at universitetet kan styrast og gjera det morosamt og interessant å arbeida her, framheva Hylland, som la til at det ikkje berre er innføringa av Kvalitetsreforma, som er nytt ved universitetet.

- Heile organisasjonen ved UiO skal nullstillast. Difor er det viktig at dei vitskaplege representantane i Kollegiet er på vakt mot at det blir bygd opp ein for komplisert organisasjon. Det er grunnen til at eg er uroa over at det er etablert programstyre for kvart studieprogram. Me klarer å få til tverrfagleg samarbeid utan at det skal vera naudsynt å skapa ein ny struktur for det, slo han fast.

- Sjølv om dei vitskaplege representantane ikkje får fleirtal i det nye kollegiet, skal me likevel klara å dominera det, lova Hylland. Han var heller ikkje for å avbyråkratisera UiO.

- Me treng byråkratiet, for om me ikkje hadde hatt det, ville me i alle fall ikkje fått tid til å forska. Det er likevel svært viktig å ha ei motvekt i form av ei valt leiing ved universitetet, påpeika han.

Medisinprofessor Gunnar Nicolaysen vil prøva å setja UiO på kartet enda meir enn i dag om han blir valt inn i Kollegiet.

- Eg vil heile tida fortelja om kor viktig forskings- og undervisningsinstitusjon UiO er. Men me kan sjølvsagt bli enda betre både på forsking og undervisning. Målet må vera å flytta ressursar og satsa på dei fagmiljøa som har ein så høg teknisk og forskingsmessig kompetanse at dei kan nå opp i den internasjonale konkurransen. For å få rekruttert flest mogleg studentar til UiO, må me betra både innhald i studia og undervisninga. Eg støttar difor forslaget om å innskrenka undervisninga på lågare grad til fordel for undervisninga på hovudfags- og doktorgradsnivå, sa Nicolaysen.

Han ville ikkje at berre dei beste folka, men at alle dei tilsette ved UiO måtte bli oppmoda til å gjera ein god innsats.

- UiO står og fell på kvar forskar sin innsats. Det er difor naudsynt at universitetet blir styrt på ein engasjerande måte. Eg kan difor skriva under på det faren min, som var ernæringsprofessor sa: "Me lever av naturfaga, men for humaniora, mintest Nicolaysen.

Så kunne den første av dei to kvinnelege kandidatane sleppa til, Harriet Bjerrum Nielsen, Senter for kvinne- og kjønnsforsking:

- Den store fordelen min er at eg kjem frå eit senter som representerer eit fullstendig tverrfagleg miljø. Eg er opptatt av at kvalitet ikkje definerer seg sjølv, men også får konsekvensar for organisasjons- og forskingskultur. Me må tenkja på UiO som organisasjon, og difor må me ha forståing for at me alle er i same båt. På den måten er det viktig at ikkje perspektiva våre avgrensar seg til vår eiga faglege innhegning, meinte Bjerrum Nielsen.

- Dialog med andre fag og samfunnet utanfor universitetet er sånn sett heilt naudsynt. Universitetet er eit mangfald av menneske, men forskingsmiljøa må bli meir inkluderande. Eg meiner me bør finne metodar til å fremja og måla kvalitet utan at det endar opp i ein evalueringsinflasjon. Det er fint at fokuset har vore sett på studenten den siste tida, men no meiner eg det er naudsynt å få forskarane enda meir fram i lyset. Dei skal eigentleg vera Tordenskjolds soldatar som skal klara å gjera alt det nye i tillegg til alt det dei gjorde før, forklarte Bjerrum Nielsen.

Dermed var turen komen til den andre kvinnelege kandidaten, førsteamanuensis Camilla Serck-Hanssen ved Filosofisk institutt:
- Eg har sete eitt år som kollegierepresentant, og ynskjer å halda fram for å ta vare på faglegskapen i det nye kollegiet. I eit kollegium med fire eksterne representantar og berre to frå dei vitskapleg tilsette, fryktar eg at faglegskapen vil koma i siste rekkje. Røynsla mi frå Kollegiet er at representantar som meiner det same som meg i utgangspunktet, skiftar standpunkt når det skal stemmast over framlegget. Budsjettet tar ikkje omsyn til at forskinga i stor grad går føre seg på grunnivåa, meinte Serck-Hanssen.

- Dessutan er eg ueinig med Harriet Bjerrum Nielsen når ho seier at faga er i rørsle og må gi plass for nytenking og dialog. I praksis viste ho det ved å stemma imot at studieprogramma skulle styrast av eit institutt. Nyare idear skal fremjast gjennom klarare signal frå universitetsleiinga til grunnmiljøa. Difor må me få ein skikkeleg budsjettmodell som me kan styra etter, slo ho fast.

Siste frist for å stemma i valet på vitskaplege representantar til Kollegiet er den 18. november.

Emneord: Kollegievalget 2002, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 6. nov. 2002 10:11 - Sist endra 10. des. 2008 15:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere