Hanna Ekeli innvald i Kollegiet
Hanna Ekeli frå NTL blei vald inn i Kollegiet som representant for dei teknisk-adminstrativt tilsette ved UiO. Ho fekk 390 stemmer, medan Kristian Mollestad frå Forskarforbundet og Hanne Skjølås Nygaard frå 2fo fekk høvesvis 330 og 174 stemmer.

Då fristen for å stemma hadde gått ut klokka 16 tysdag 26. november, hadde 901 av 2212 personar nytta seg av stemmeretten sin. Det gir ei valdeltaking på 40,7 prosent, opplyser Håvard Pedersen i Valstyret til Uniforum. Sidan Kristian Mollestad fekk nest-flest stemmer, blei han vald til vararepresentant for dei teknisk-administrativt tilsette i det nye kollegiet.
Dermed er det berre valet av to studentrepresentantar og utpeikinga av to nye eksterne representantar som står igjen før det 11 medlemar store nye kollegiet er klart. 18. november blei Kristian Gundersen og Harriet Bjerrum Nielsen valde inn i det nye Kollegiet som representantar for dei vitskapleg tilsette ved UiO. Frå før sit rektor Arild Underdal, prorektor Anne-Brit Kolstø og dei eksterne representantane Paul Chaffey og Hilde Haugsgjerd i Kollegiet. Dei er ikkje på val i år, og vil sitja i to år til.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere