- Kva er løyndomen bak god undervisning?
- Det viktigaste er at læraren må vera engasjert sjølv og ta førebuinga av undervisninga alvorleg. Problem kan vera vanskeleg å løysa, men det er alltid mogleg å få tatt dei opp. Men det krev masse førebuing. Det er også viktig at læraren likar å vera i dialog med studentane og lyttar med oppriktig interesse til det dei har på hjarta, fortel Grandal.
Seminarforma
Blant alle dei ulike undervisningsmetodane, er det likevel seminarforma han likar best.
- På den måten kan ein av studentane eller eg koma med eit innlegg og på den måten starta ein diskusjon over bordet. Dei gongene eg presenterer eit innlegg, likar eg å trekkja meg tilbake til observatørrolla og la diskusjonen gå sin gang mellom studentane. Slik kan me også ta opp dei store grunnspørsmåla som til dømes kvifor me er til og kva som gjorde at me blei til. Spørsmål som det ikkje finst klare svar på, men som det er viktig at me diskuterer. Samtalane med mine studentar har gjort meg overtydd om at påstanden om at dagens studentar ikkje tenkjer lenger enn si eiga nase og berre er opptekne av materiell rikdom, slett ikkje stemmer, slår han fast.
Forsvarar Kvalitetsreforma
Grandal er også ein varm forsvarar av Kvalitetsreforma.
- Eg synest me som universitetslærarar godt kunne ha tatt i
bruk fleire undervisningsmetodar enn det me har gjort. Anten
du som universitetslærar brukar den eine eller den andre
metoden, er likevel det viktigaste at du klarer å skapa
dialog. Grunntanken til universitetet er jo nettopp at det
skal gi rom for nytenking. Difor stiller eg spørsmål ved
lærebøker som prøver å vera mest mogleg objektive. Me veit i
dag at total objektivitet ikkje er mogleg. Det vil seia at
reint objektive framstillingar tilslører grunnlaget dei er
skrivne utifrå. Difor prøver eg sjølv å visa min eigen profil
i teologiske spørsmål, og understrekar at studentane på ingen
måte treng vera einige med meg, seier han.
Grandal underviser dette semesteret blant anna i eit nytt
emne, "Kunst og kristendom".
- Eg kjem akkurat no frå ei forelesing der eg har fortalt om
Beethovens 9. symfoni og korleis komponisten smeltar dei to
tema "Glede" og "Alle menneske blir brør" saman til eit
kontrapunkt på slutten av symfonien. Då er musikken sjølvsagt
eit uunnverleg hjelpemiddel i undervisninga, og eg har
faktisk tillete meg å syngja sjølv frå desse to delane av
denne symfonien for å tydeleggjera dei. Men eg vil gjerne
understreka at det er ikkje noko eg gjer kvar dag, fortel
Grandal.
Neste semester skal han ha ei forelesingsrekkje for
hovudfagsstudentar i kristendom og teologi i eit tema han er
svært engasjert i.
- Ja, då skal me stilla spørsmål ved om det går an å halda
fast på førestillinga om at det finst eit helvete. Dette var
temaet for doktoravhandlinga mi og samtidig mitt oppgjer med
denne forkynninga. Eg forstår ikkje korleis kyrkja kan
forkynna at Gud vil døma folk til evig fortaping, og samtidig
kritisera dødsstraff og tortur som blir utført her på jorda,
meiner Grandal.
Dei andre nominerte i konkurransen:
Per Brodal,Det medisinske fakultetet,
Bjørn Olav Utvik, HF-fakultetet,
Robert Hansen, SV-fakultetet,
Knut Mørken, MN-fakultetet,
Stein Risnes, Det odontologiske fakultetet,
Ole Steen-Olsen,Plutoprosjektet på UV-fakultetet
Logg inn for å kommentere