Vil ha pengar frå dei rike

- Me burde invitera velståande nordmenn til å visa samfunnsansvar også for kultur og vitskap. Det seier professor i statsvitskap, Bernt Hagtvet, som fekk Kavlifondet til å finansieria forelesingsserien om folkemord.

IDÉBRYTING: - Universitetet må alltid vera i det offentlege auga og identifiserast med idébryting og intellektuelt driv, meiner professor i statsvitskap Bernt Hagtvet.
Foto: Martin Toft

- No er det på tide at dei norske mangemillionærane viser samfunnsansvar ved å støtta forelesingsseriar med kjente norske og utanlandske forskarar ved UiO. Eg vil difor utfordra Kjell Inge Røkke og hans likemenn til å starta liknande fond til allmennnyttige formål som dei gamle norske mangemillionærane Anders Jahre og Knut Kavli gjorde. Viss velståande menneske i Noreg hadde gjort dette, kunne eg ha lova dei eit mykje morosamare liv, meiner Bernt Hagtvet.

Intellektuell temperatur

Han synest det er eit stort problem at det ikkje finst overrislingspengar som kan finansiera opphaldet til kjente utanlandske gjesteforskarar ved UiO.

- Kvalitet er noko meir enn reformer i gradsstruktur og karakterar. Det gjeld å skapa eit studiemiljø med intellektuell temperatur. Til det trengst det ressursar til å få hit dei beste i ulike fag, påpeikar han.

- Dersom dei betalar flyreisa og opphaldet sjølv, har me så vidt råd til å spandera ein kopp kaffi på dei, konstaterer Hagtvet, som er overtydd om at det ikkje finst noko kultur blant norske næringslivsleiarar til å støtta forskings- og utdanningsinstitusjonar. Men det kan koma.

Anti-intellektuelle

- Problemet er at Noreg er eit steinrikt land, som ikkje har dei same filantropiske tradisjonane som til dømes USA. Næringslivet har ikkje sett det som si oppgåve å støtta forsking og undervisning på same måte som kollegaene deira i det amerikanske næringslivet. Her har dei tatt det som ein sjølvsagt ting at staten skal finansiera heile forskings- og utdanningssektoren. Skulda for dette har både Oslo-hatet og landets djupe anti-intellektuelle haldning, som ligg like under pulsen på folkedjupet.

- I dag blir dette svært godt representert av utanriksminister Jan Petersen, som slett ikkje har tenkt å marknadsføra norsk kultur i utlandet, seier ein engasjert Hagtvet. Grunnen til at han går så sterkt ut no, er at han vil ropa eit varsku mot at UiO lullar seg inn i ein Tornerose-svevn, og sviktar oppgåva som premissleverandør til den offentlege debatten.

Idébryting

- Universitetet må ha eit offentleg nærvær og vera ei sydande gryte av idébryting. Det må alltid vera i det offentlege auga og identifiserast med intellektuelt driv. Politikarane må bli nøydde til alltid å rekna med universitetet før dei skal ta ei viktig avgjerd, og dei må rekna universitetet som ein viktig arena for det norske demokratiet, understrekar Hagtvet.

Han meiner det er eit paradoks at studiereforma no kostar universiteta så mykje i tid og pengar at det ikkje blir meir pengar igjen til å invitera utanlandske gjesteforskarar til Noreg.

- Det er grunnen til at eg tok kontakt med Kavlis Allmennyttige fond slik at Institutt for statsvitskap og Senter for studiar av Holocaust og livsynsminoritetar si stilling i Noreg kunne organisera ein eigen forelesingsserie om folkemord. For meg har det vist at det er mogleg å få til noko slikt om ein går til eksterne pengekjelder. Men eg skulle som sagt hatt mange fleire av dei, ynskjer han.

Forelesingsserien Folkemord i det 20. hundreåret:

- formålet er mellom anna å studera sambandet mellom arven frå europeisk kolonialisme og masseovergrepa i det 20. hundreåret

- Yeuhuda Bauer har forelese om nye forklaringar på kvifor Holocaust kunne oppstå

- Daniel Chiurot har forelese om føresetnadane for tyranniske regimetypar før og no

- Francois Rochat og Nils Christie har fortalt om vondskapen blant nordmenn i tyske leirar for serbarar under krigen og om dei som hjelpte dei forfylgde utan å gjera noko ut av det.

- Adam Hotschild har fortalt om massedrapa i Kongo som kong Leopold av Belgia stod bak

- Ben Kernan har skildra massedrapa i Kampuchea som Pol Pots regime stod bak

- seinare dette semesteret skal Olle Törnquist fortelja om folkemordet på 200 000 kommunistar i Indonesia i 1965, medan Pål Kolstø skal fortelja om utreinskingane under Josef Stalin i det gamle Sovjetunionen.

- også nyare folkemord som massakren av muslimane i Screbrenica i Bosnia og folkemordet på tutsiane i Rwanda blir tatt opp i denne forelesingsserien om folkemord i det 20. hundreåret.

- Nick Stargardt frå Oxford skal i november forelesa om "Kindermord" i Det tredje riket og om barnekunst i Theresienstadt

- forelesingsserien er organisert av Institutt for statsvitskap og Holocaustsenteret med økonomisk bidrag frå Kavlifondet.

Emneord: Undervisning Av Martin Toft
Publisert 24. okt. 2002 10:10 - Sist endra 10. des. 2008 16:12

Logg inn for å kommentere