Tar heile landet ut i naturen

Biologiserien "Landskaper fra sjø til fjell" på Kunnskapskanalen på NRK 1 har til no hatt 197 000 sjåarar, medan 373 000 har vore innom og kika på serien som nyleg er sendt i reprise. Det vil seia at kvart av dei fire programma har samla fleire folk enn det det norske fotball-landslaget trekkjer til Ullevål.

BIOLOGITEAMET: Frå venstre Frans Emil Wielgolaski, Yngve Refseth, Arve Nordland, Arild Gautestad og Arild Boman.
Foto: Martin Toft

- Desse sjåartala som me har fått frå NRK, er me svært nøgde med, seier førsteamanuensis Arild Boman ved InterMedia. Han viser til at biologiserien "Landskaper fra sjø til fjell" no er lagt inn på DVD, og vil vera til sals på Skulelaboratoriet. Første program i serien er allereie lagt ut på Internett.

Eigenproduserte læremiddel

Arve Nordland og Yvonne Pettrém ved InterMedia har stått for regi og foto under produksjonen av serien medan Yngve Refseth har vore tilretteleggjar for DVD-versjonen.

- Dette er eit godt døme på korleis me kan produsera innhald for Internett, akkurat som Kvalitetsreforma legg opp til. Når me brukar Internett i undervisninga, blir det også enklare å produsera eigne læremiddel. På den måten er forlaga si monopoltid over, konstaterer Arve Nordland.

Serien blei laga på oppdrag frå Biologisk institutt med professor Frans Emil Wielgolaski og forskar Arild Gautestad som fagleg ansvarlege. I tillegg til å ha sendt programserien på NRK, har dei produsert ei eiga nettbok til serien, som er tilgjengeleg på nettsidene til Biologisk institutt. Programma tar sjåarane med på ein tur frå strandkanten til åkerkanten, frå innsjø og myr til lauvskogen, vidare til barskogen og fjellbjørkskogen før dei endar opp på høgfjellet.

Formidlar naturfag

- Tanken bak denne programserien var å få gjort det lettare å formidla naturfag til elevar i den vidaregåande skulen for lærarar som kanskje har liten bakgrunn frå feltbiologi frå før. Når dei har sett denne serien på førehand, håpar me at dei ikkje vil kvi seg med å ta elevane ut på den obligatoriske turen ut i naturen. Difor har me også prøvd å filma dei fleste landskapsområda i naturområde nær tettbygde strok, for å visa at viktige naturfenomen finst i nærmiljøet, seier Wielgolaski.

- Då har det heller ikkje gjort noko om eit hus eller to kjem med på opptaka. Det gjer det berre enda meir nært, legg Gautestad til. Mange av opptaka er gjort på Sognsvann og i Bærum. Serien kjem også inn på første del av pensumet til biologistudiet ved UiO.

- På den måten trur me at programserien kan vera med på å rekruttera nye studentar til biologifaget. Og er det noko som trengst, så er det akkurat det, seier dei. Programma tar altså sjåarane med på ein tur langs forskjellige landskapsområde og fortel om ulike plantar som er typiske for kvart av desse områda. Men det dukkar også opp dyr i programma.

- Og då har det vore mi oppgåve å setja ikorna, fuglane og insekta inn som ein del av samanhengen i programma, fortel forskar og zoolog, Arild Gautestad. Programma er eit resultat av etter/vidareutdannings- og fjernundervisningsprosjektet i økologi ved UiO. Det starta i 1999 med ei løyving på 250 000 kroner frå UNIVETT og MN-fakultetet ved UiO og heldt fram med 250 000 kroner frå SOFF (Sentralorganet for fjernundervisning på universitets- og høgskulenivå) for åra 2000 og 2001. Dessutan er det gitt løyving frå MN-fakultetet til og med år 2002.

- Me vil gjerne gi honnør til InterMedia for god dugnadsånd og godt samarbeid under produksjonen av programma. Så håpar me at denne serien kan synleggjera organismebiologi, seier Wielgolaski og Gautestad.

Emneord: Forskning, Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 23. okt. 2002 09:33 - Sist endra 10. des. 2008 15:56

Logg inn for å kommentere