På utkikk etter nyskaparar

- I framtida må Noreg leva av høgteknologi og hjernekraft. Difor er Gründerskolen på jakt etter studentar som vil starta eiga bedrift. Det seier prosjektleiar Prasantha Devulapalli og førstekonsulent Kim Larsen.

Gründerskolen blei starta i 1999 på initiativ frå professor Nils Damm Christophersen ved Institutt for informatikk. I dag har dette internasjonale studietilbodet i entreprenørskap utvikla seg til å bli eit samarbeidstiltak mellom dei fire norske universiteta, Handelshøyskolen BI, Arkitekthøgskulen i Oslo, Noregs landbrukshøgskule og Høgskulen i Bergen.

Sidan det blei starta er 176 studentar uteksaminerte frå dette ti-vekttalskurset. 40 prosent av dei har anten etablert si eiga bedrift eller jobbar i ei oppstartsbedrift, opplyser Prasantha Devulapalli til Uniforum.

Fleire jenter

- Me har merka ei aukande interesse for Gründerskolen, ikkje berre frå studentar frå Det matematisk-naturvitskaplege og Det medisinske fakultetet, men også frå økonomistudentar ved SV-fakultetet. Dessutan har me notert oss at jentene no er i ferd med å få augene opp for dette tilbodet. Så no håpar me at både kvinnelege studentar og studentar frå andre fag enn dei teknisk-naturvitskaplege søkjer seg inn på Gründerskolen før søknadsfristen går ut 15. november, seier Devulapalli.

Ho viser til at hovudkravet er at studentane har tre år lange universitetsstudiar bak seg før dei søkjer om opptak på denne entreprenørskulen.

- Den viktigaste motivasjonen er likevel at dei er innstilte på å starta ei bedrift for seg sjølv. Det er også motivet vårt for å senda dei på eit tre månader langt praksisopphald i ei oppstartsbedrift i Silicon Valley og Boston i USA eller i Singapore. Truleg vil det bli mogleg å få til liknande opphald i Hyderabad i India og i Shanghai i Kina, fortel Devulapalli.

Initiativ og inspirasjon

Førstekonsulent Kim Larsen tok cand.mag.graden ved Universitetet i Bergen før han kom inn på Gründerskolen, og seinare blei tilsett for å få rekruttert fleire studentar til dette studietilbodet.

- Det viktigaste suksesskriteriet vårt er ikkje at våre studentar skal starta bedrifter som hamnar på børsen like etterpå. Eit tre månader langt kurs er ikkje nok til det. Derimot trur me at kurset vil læra studentane til å ta initiativ og gi dei inspirasjon til å starta for seg sjølv. Det er lov å feila og prøva på nytt, understrekar Larsen. Han meiner difor opphaldet i USA og Asia er svært viktig.

- Der vil dei bli presentert for utfordringar som dei viser at dei klarer å meistra. På den måten får dei også meir sjølvtillit. Personleg følte eg meg svært privilegert for at eg fekk sjansen til å få praksis i ei oppstartsbedrift i USA. Dessutan fann eg ut at folk ikkje misunnte suksessrike nyskaparar, men heller sette fokus på kor mange nye arbeidsplassar dei hadde klart å skapa. I Noreg er nok framleis Jantelova i høgste grad verksam, meiner Larsen. Gründerskolen skil seg likevel ut frå andre studietilbod i entreprenørskap.

Forsking gir nyskaping

- Ja, målet vårt er at fleire skal starta selskap på grunnlag av forsking. Håpet vårt er at dei me sender til utlandet i praksis, skal venda heim inspirerte av tanken på å kommersialisera forskingsresultat. Dette studiet er difor midt i blinken også for doktorgrads- og postdoktor-stipendiatar, reklamerer ho. Devulapalli har også personlege røynsler med kva nyskapingsverksemd fører med seg.

- Då me budde i Danmark, starta faren min eit medisinsk tidsskrift. For at me skulle få publisert det i tide, måtte heile familien delta dag og natt i arbeidet med utsendinga av tidsskriftet. Nyskaping er nemleg slett ingen ni til fire jobb, åtvarar ho, før ho minner om nettadressa til Gründerskolen: www.grunderskolen.no

Fakta om Gründerskolen:

- starta av informatikkprofessor Nils Damm Christophersen i 1999

- samarbeid mellom UiO, UiB, NTNU, UiTø, Handelshøyskolen BI, Arkitekthøgskulen, Noregs landbrukshøgskule og Høgskulen i Bergen.

- tredelt ti-vekttalskurs: 1. forkurs i økonomi retta mot oppstartbedrifter. 2. Eit tre månader langt utanlandsopphald i ei oppstartsbedrift i USA eller i Asia. 3. Seminar med oppgåve tilknytt Gründerdagen tidleg på hausten

- 57 studentar blei uteksaminerte i 2002

- engelsk er undervisningsspråk

UTKIKK: Prosjektleiar Prasantha Devulapalli og førstekonsulent Kim Larsen ved Gründerskolen er på utkikk etter studentar som vil starta eiga bedrift.

Emneord: Internasjonalisering, Næringsliv, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 24. okt. 2002 09:57 - Sist endra 10. des. 2008 15:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere