Moskaug, Blomhoff og Carlsen vann idékonkurranse

Forskarane Jan Øyvind Moskaug, Rune Blomhoff og Harald Carlsen ved Institutt for ernæringsforsking, UiO vann UiOs og Forskingsparkens idékonkurranse med sjølvlysande transgene mus. Ideen kan opna nye måtar for bruk av sikrare metodar i utprøvinga av framtidige legemiddel.

VANN: Jan Øyvind Moskaug, Rune Blomhoff og Harald Carlsen frå Instiutt for ernæringsforsking får førstepremien frå Torkil Bjørnson t.v. i FORNY.
Foto: Martin Toft

- Når me vinn førstepris, forpliktar det å bringa ideen fram til suksess, seier Jan Øyvind Moskaug i ein sigerskommentar til Uniforum.

Førstepremien i idekonkurransen er verdt 850 000 kroner og inkluderer både pengar og rådgjeving frå tilsette ved Forskingsparken. På den måten skal det bli lettare å kunna etablera eit eige selskap på grunnlag av denne ideen. Førstepremien blei delt ut til forskarane Jan Øyvind Moskaug, Rune Blomhoff og Harald Carlsen ved Institutt for ernæringsforsking under Gründerdagen torsdag 10. oktober. Forskar Jan Øyvind Moskaug forklarar gjerne kva ideen går ut på.

- Me har allereie laga ei transgen mus, der eit gen som er isolert frå ei eldfluge er sett inn. Proteinet som genet er kode for,luciferase, avgir lys. Denne musa er altså klar og lyser på ein slik måte at me kan måla kor mykje lys som kjem frå musa. Oppgåva no er å endra denne luciferasen slik at den responderer på viktige signalmolekyl inne i celler. Desse signalmolekyla er viktige i utviklinga av mange alvorlege sjukdomar og mykje av utviklinga av nye legemidlar går ut på å modulera aktiviteten til desse signalmolekyla. På den måten kan luciferase bli ein markør for effekten av desse legemidlane. Å endra luciferasen og setja den inn i mus, er ideen me fekk førstepremien for, fortel Moskaug.

Ideen deira vil altså kunne føra til auka bruk av sikrare metodar i utprøvinga av framtidige legemiddel.

Andreplassen i konkurransen og 475 000 kroner gjekk til Tom Roger Sokki for prosektet Trackpoint som går ut på å finna nye innfallsvinklar innanfor posisjonsinnstilling i GSM-nettet. Tredjepremien på 345 000 kroner gjekk også til UiO, nemleg til professor Reidunn Aalen og doktorgradsstipendiat Melinka Butenko ved Biologisk institutt. Dei fekk premien for å ha funne fram til ein bioteknologisk metode som kan hemma blomsterabisjonen.

Abisjon er ein prosess som gjer det mogleg for plantar å fella blad, blomar, kronblad eller frukter under bestemte forhold og på visse tidspunkt i planten sitt liv. Sånn sett vil abisjon hos industielt framstilte prydblomar vera bestemmande for kor lenge blomane "varer", altså kor lenge dei fyller funksjonen sin som prydblomar. Dersom forskarane lykkast med å hemma abisjonsprosessen hos viktige prydblomar, kan det få mykje å seia i blomsterindustrien.

Emneord: Forskning Av Martin Toft
Publisert 14. okt. 2002 17:44 - Sist endra 10. des. 2008 15:30

Logg inn for å kommentere