- Der kan publikum klikka seg direkte til UiOs sider, til InterMedia, til MN-fakultetet og Skulelaboratoriet med fleire. På den måten kan Kunnskapskanalen gi fageiningar som engasjerer seg i ny elektronisk formidling og læring ei ny opning for brei kontakt med publikum, meiner Boman.
Kunnskapskanalen har også starta sendingar av program på nettet i det nye MPEG-4-formatet frå InterMedias webtenar, blant anna SV-fakultetets program om rasisme.
- Desse kan ein også klikka seg inn både på NRKs og på UiOs nettsider. NRK sjølv har enno ikkje starta med det nye formatet. Her kan publikum sjølv sjå program via breiband når dei har bruk for det, fortel Boman.
Logg inn for å kommentere