- Det er berrre dei bibliografiske datakjeldene som kan gi institusjonane dei nøytrale og objektive data som dei treng, både til lokal bruk og til nasjonal statistikk. Forskarane skal så få høve til å korrigera og leggja til den informasjonen som kjem frå dei profesjonelle datakjeldene, understrekar forskar Gunnar Sivertsen ved Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU).
Resultatfinansiering
Grunnen til at han tar opp dette temaet no, er at Utdannings- og forskingsdepartementet er i ferd med å greia ut spørsmålet om ein del av pengeoverføringa til universiteta og høgskulane skal basera seg på resultatfinansiering.
Data for vitskapleg publisering kan ein henta frå to kjelder. Den eine er eigenrapportering av forskarane sine publikasjonar i til dømes Forskpub (BIBSYS), Forskdok/FRES (UiO) og Fdok(UiB). Den andre kjelda er profesjonelle registreringar av publikasjonar i i informasjonssystema til biblioteka, som til dømes tidsskriftsindeksane ved ISI (Institute for Scientific Information), NORART (Norske artikkelindeks) ved Nasjonalbiblioteket og BIBSYS.
Det er dei sistnemnde kjeldene forskarane sjølve brukar for å halda seg oppdaterte på sitt eige fagfelt.
Feilrapportering
- Systemet med eigenrapportering krev at forskarar skriv inn referansar til publikasjonar som frå før av er registrerte i dei profesjonelle systema. Men mange forskarar let vera å gjera dette, og dei som gjer det, gir ofte feil referanse eller brukar feil kategori, fortel han.
Som døme frå rapporteringa til no i år, nemner Sivertsen at ein i kategorien "Internasjonalt vitskapleg tidsskrift med referee" har registrert Tidsskrift for Den norske lægeforening, Acta Botanica Islandica, Festschrift for Prof. Penka Samsareva University of Sofia og Sosialøkonomisk institutt, UiO.
Samstundes som upubliserte konferanseinnlegg eller avisartiklar blir rapporterte som vitskaplege publikasjonar, publiserer eit kjent tidsskrift som Nature artiklar frå Noreg som ikkje blir eigenrapporterte.
- Dette er ei heilt normal åtferd, for forskarar er ikkje utdanna til å laga bibliografiske databasar, seier Sivertsen. Han vil gjerne forklara kvifor han er så oppteken av å få innført eit betre og meir objektivt system for registrering av vitskapleg publisering.
- Eg vil åtvara mot å innføra resultatfinansiering på eit
datagrunnlag der kontroversielle døme på kva som blir rekna
som vitskapleg publisering, kjem fram i pressa, seier
Sivertsen, som meiner det er betre å basera seg direkte
på
profesjonelle data som forskarane sjølve ikkje blir stilte
til ansvar for.
- Dette alternativet er mindre kostnadskrevjande enn at forskarar skriv inn eigne referansar og kontrollerer andre sine referansar, og det vil innebera at me vil få ein meir verdig og prinsipiell diskusjon mellom forskarar, fag og institusjonstypar om kva som skal reknast som vitskapleg publisering, påpeikar Sivertsen. Han viser til at det årleg blir gitt ut 8300 vitskaplege publikasjonar frå norske forskarar. Av desse er det 5000 som blir indekserte med forfattaradresse ved ISI.
- Desse referansane kan ein kjøpa frå ISI i ein database som dekkar dei sju promille av verdsproduksjonen som er artiklar med adresse i Noreg. Andre publikasjonar kan dekkast med ei tillemping av eksisterande system og profesjonelle ressursar ved dei norske forskingsbiblioteka, forklarar Sivertsen.
"Norsk Vitskapsindeks"
- Difor foreslår eg at det blir etablert ein "Norsk
Vitskapsindeks" som blir avgrensa til vitskaplege
publikasjonar som ikkje blir registrerte internasjonalt. Der
kan forskarar henta oppdatert informasjon om kva kollegaer
publiserer, og der kan institusjonane henta data for kva
forskarane deira publiserer utanfor ISI-indeksane,
understrekar Sivertsen.
Han ser at både samfunnsvitskap, humaniora, juss og teologi
vil ha behov for ein slik informasjonsdatabase.
- Som eit startpunkt har ein jo alle norske tidsskrift som blir indekserte i NORART ved Nasjonalbiblioteket, men denne tidsskriftsindeksen må utvidast med einskilde samnordiske og europeiske tidsskrift som fell utanfor den norske og internasjonale indeksen. Dessutan må NORART byrja å indeksera forfattaradresser i vitskaplege tidsskrift, meiner han. I "Norsk Vitskapsindeks" vil Sivertsen også ha registrert alle seriar (ISSN) med vitskaplege rapportar eller monografiar med institusjonstilknyting, og monografiar og artikkelsamlingar utanfor serie (ISBN). I dag blir desse bøkene registerte i BIBSYS, men utan institusjonstilknyting. Sivertsen peikar på at det er ein oversiktleg mengde forlag i og utanfor Noreg som gir ut det meste av dei bøkene som blir rekna som vitskaplege, og at dei nasjonale vitskaplege tidsskrifta som regel får eit meldareksemplar av desse bøkene.
- Her ligg grunnlaget for ei automatisk indeksering av hovudtyngda av bøkene. Det bør sjølvsagt bli mogleg for forskarar å retta på eller leggja til referansar i "Norsk Vitskapsindeks" , men ikkje ut frå deira personlege definisjon av kva som er kvalitetskontrollerte originale forskingsresultat, presiserer Sivertsen.
Lokalt og nasjonalt system
Studie- og forskingsdirektør Toril Johansson ved UiO ser også
behovet for å få på plass eit nytt system for registrering av
vitskapleg publisering.
- Det er naudsynt med eit nasjonalt system for registrering
av forskingsresultat. Samtidig må også institusjonane byggja
opp sine eigne system for registrering av vitskapleg
publisering sidan det er knytt andre forskingsdata til det og
sidan data må rapporterast til eit nasjonalt system frå eit
system på institusjonen, konstaterer Johansson.
- Det er naudsynt for universitetet å ha kontroll over dei
data som blir nytta i nasjonale samanlikningar og til
fordeling av budsjettmidlar. Om det er behov for å byggja opp
ein eigen "Norsk Vitskapsindeks", ja, det må Utdannings- og
forskingsdepartementet avgjera etter ei utgreiing av omfang
og kostnader, meiner ho. At dette arbeidet er prioritert av
regjeringa tyder framlegget til Utdannings- og
forskingsdepartementets budsjett for 2003 på. I avsnittet om
styringsinformasjon seier departementet at det er naudsynt å
utvida DBH (Database for statistikk om høgare utdanning) til
også å gjelda forskingsresultat.
Leiar for Forskarforbundet ved UiO, franskprofessor Karin
Gundersen helsar forslaget velkommen.
- Dersom ein slik "Norsk Vitskapsindeks" kan dekka artiklar i
forskingstidsskrift på andre språk enn engelsk, så synest eg
det er svært bra. Men det vil nok bli svært ressurskrevjande
å få dette til, seier Gundersen.
Logg inn for å kommentere