Kirgisistan - folket under Himmelfjella

Kirgisistan er brått plassert på kartet som vertsland for dei norske F 16-flygarane som deltar i den internasjonale styrken mot terrornettverket Al Qaida i Afghanistan. På ei ny utstilling i Historisk museum kan du læra meir om den tidlegare sovjetrepublikken.

JURTE: Dette er kirgisarane sin jurte eller lavvo, som no er reist over trappa i tredje etasje i Historisk museum.
Foto: Martin Toft

Kirgisistan er omringa av Kazakstan i nord, Kina i aust og sør og av Tadjikistan og Usbekistan i sør. Frå 1991 blei Kirgisistan sjølvstendig etter at det hadde vore ein del av Sovjetunionen sidan 1917.

Kirgisisk historie går tilbake til heile 100 år før Kristus. Då oppstod tashtyk-kulturen (100 f.Kr. -500 e.Kr.) i den øvre delen av Yeniseyelvdalen i det sentrale Sibir. Denne kulturen var ei samansmelting av asiatiske og europeiske folkeslag. Seinare skildrar kinesiske og muslimske kjelder kirgisarane som raudhåra personar med staut bygnad og grøne eller blå auger. Dei budde i skogane, brukte ski og praktiserte sjamanisme. Etter kvart utvikla dei eit tyrkiskliknande språk, og dei var kjent som nomadar som fylgde saue- og geiteflokkane sine på hesteryggen over dei langstrekte kirgisiske steppene.

Dermed var det viktig å kunna ta ned og setja opp bustaden sin fort og enkelt. Slik blei kirgisarane sin lavvo utvikla, den berømte jurten. Berømte forfattarar som Fjodor Dostojevskij, Sven Hedin og Kirgisistans eigen Tsjingiz Ajtmatov har alle skildra med stor innleving og lengt kirgisarane sin tidlegare frie, nomadiske livsstil i ein jurte på steppene og i høgfjellet.

Tsjingiz Ajtmatov

Torsdag 22. september deltok Kirgisistans mest berømte forfattar Tsjingiz Ajtmatov under opninga av utstillinga Kirgisistan - filtlandet midt i verda og folket under Himmelfjella i Historisk museum. I Noreg er han mest kjent for boka " Og dagen varer mer et århundre" (1980). Ajtmatov festa seg straks ved den store jurten som var plassert over trappa i tredje etasje.

- Denne jurten har vandra over dei kirgisiske steppene og heilt til Oslo. Ingen jurte har nokon gong lagt ut på ei så lang reise. Eg håpar denne utstillinga skal gjera det norske folket interesserte i det kirgisiske folket si historie, veremåte og folkekultur. Sjølv om landet mitt har felles grense med Russland, har me sterke andelege band til Russland, sa den kirgisiske forfattaren før han framførte sitt eige dikt, Såmannens velsignelse.

Nansen-fjellet

Kirgisistans ambassadør i Tyskland, Dr. Apas Dschumagulow var også svært nøgd med at denne utstillinga endeleg var blitt realisert etter tre lange år med innsamling av tepper, folkedrakter og koppar og kar frå Kirgisistan.

- Det høver bra at det opnar ei utstilling om Kirgisistan i 2002, som jo FN har utropt til Fjellas år. Eg takkar Universitetet i Oslo for å ha sett opp denne utstillinga, som eg trur vil kunna føra det norske og kirgisiske folket nærmare kvarandre, sa ambassadøren, som også var statsminister i Kirgisistan på 1990-talet. Eit av dei høgaste fjella i Kirgisistan ber namnet Nansen-fjellet, så det viser kor stor pris folket i det landet set på den norske vinnaren av Nobels fredspris.

Utstillinga er sett opp av sosialantropologen Erlend Hvoslef og fotografia er tatt av Dagfinn Karlsen. Utstillinga vil vera open alle dagar frå tysdag til sundag mellom klokka 11 og 16 heilt fram til 2. februar 2003.

Fakta om Kirgisistan

Flatevidde: 198 500 kvadratkilometer
Innbyggjartal: 5 millionar
Hovudstad: Bisjtek (tidlegare Frunse (1926-91),
616 000 innbyggjarar (1989)
Styreform: republikk
President: Askar Akajev
Sjølvstendig: 31. august 1991
Folkegrupper: kirgisarar og minoritetar av russarar, usbekarar, ukrainarar, tyskarar, tatarar, kasakstanarar, dunganarar (kinesiske muslimar), uigurarar og tadsjikar.
Religion: Islam, sjamanisme og kristendom
Høgaste fjell: Pobedyfjellet (Sigersfjellet) 7439 m.o.h
Næringsvegar: gruvedrift og oljeutvinning. storprodusent av vasskraft
Landbruk: saue- og geitehald, men hestehald og kvegdrift er også viktig både i kjøt- og mjølkeproduksjonen
Utdanningsinstitusjonar: Det kirgisiske vitskapsakademiet og Det kirgisiske statsuniversitetet i Bisjtek
Aktuelt: Landet er base for dei norske F 16-flygarane som skal delta i "Krigen mot terror" i Afghanistan
(Kjelde: Encyclopædia Britannica)

Emneord: Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 8. okt. 2002 15:41 - Sist endra 10. des. 2008 15:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere