Hans H.Skei er foreslått av blant andre kollegiemedlem
Camilla Serck-Hanssen ved Filosofisk institutt, medan ein av
dei som står bak forslaget på Bjarne Rogan er tidlegare
HF-dekan Bjarne Hodne. Både Skei og Rogan ynskjer altså å bli
etterfylgjaren til noverande dekan Even Hovdhaugen.
Dekankandidat Hans Skei meiner at gjennomføringa av
Kvalitetsreforma blir den viktigaste oppgåva å ta fatt i om
han blir valt.
Sterk leiing
- No gjeld det for alle tilsette og studentar på fakultetet at me gjer vårt beste for at den store studiereforma skal lykkast etter intensjonane sine om å skapa betre studiekvalitet. Dette krev ei sterk leiing av fakultetet, men det krev enda meir ei leiing som lyttar og tar signal frå fagmiljøa som grunnlag for avgjerder på fakultetsnivået, lovar Skei. Han meiner ein viktig føresetnad for dette er at det beste i fagtradisjonane ved HF-fakultetet blir tatt vare på.
Betre oppfylging
- Samtidig må me fornya og betra undervisings- og evalueringsformene. Studentane skal og må fylgjast betre opp. Kortare studietid og mindre enkeltemne skal ikkje føra til seinking av krav til læring og kunnskap, lovar han. I den politiske plattforma til Skei går det også fram at han ser det som ei stor utfordring for leiinga ved HF å få gjennomslag for den heilt særeigne strukturen som det fakultetet har.
- For at det skal bli mogleg å oppnå betre studiekvalitet, er det ein føresetnad at den faglege kvaliteten blir oppretthalde i dei forskjellige fagmiljøa ved fakultetet. Dette inneber at dei organisatoriske rammene rundt faga ikkje bør endrast samtidig som reformarbeidet går føre seg. Institutta bør i denne fasen heller konsoliderast og styrkast, meiner Skei, som også er oppteken av kva plass forskinga skal få etter innføringa av den nye studiereforma.
Fagleg kvalitet
- Dersom me skal kunna ta vare på og føra vidare den faglege kvalitet i eit nytt gradsystem og med nye undervisningsformer, blir det maktpåliggjande å verna om plassen til forskinga og den sterke posisjonen den har ved fakultetet. Det inneber å verna om forskingstida til kvar einskild av dei vitskapleg tilsette, slår Skei fast. Dessutan vil han gjerne at det blir gjort nok meir med forskingsdokumentasjonen.
- Det må arbeidast aktivt for forskingsdokumentasjon slik at HF med den varierte og heilt forskjellige publiseringstradisjon sin, kjem rettferdig ut i høve til naturvitskaplege miljø og deira tradisjonar for publisering og registrering, seier Skei.
Logg inn for å kommentere