Galeinstitusjonane si historie

- Før sinnsjukeasyla blei bygde og legane etablerte seg med eigen profesjon, var behandlinga av dei galne ei sak for rettsvesen og fattigstell, og elles var galskapen eit tema for teologar og filosofar. Eg trur ikkje situasjonen i psykiatrien hadde blitt så mykje verre, om det framleis hadde vore slik. Det seier forskar og bibliotekar Wenche Blomberg ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi, som har skrive boka "Galskapens hus", Universitetsforlaget.

UKJENT HISTORIE: - Eg har skrive den ukjente historia om galeinstitusjonane i Noreg, seier forskar Wenche Blomberg ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi, UiO.
Foto: Martin Toft

- Grunnen til at eg skreiv denne boka, var at det ikkje eksisterte noko bok om dette temaet frå før. Berre nokre småskrifter om historia til kjente statsasyl som til dømes Gaustad. Difor har eg heller ikkje fått tak i dei fleste opplysningane i medisinske arkiv, men i gamle rettsdokument.

- Rettshistoriske kjelder ser ut til å vera den mest fruktbare plassen å leita etter kunnskap om den tidlege "pre-psykiatriske" perioden, etter som dei galne ikkje var noko offentleg ansvar med mindre dei utgjorde eit tryggleiksproblem, meiner ho.

- Kva synest du er det viktigaste funna dine i denne boka?

- Ein ting var at arkivstudia gjorde det mogleg å periodisera institusjonane si historie i Noreg før asyla blei etablerte i Noreg på 1800-talet. I Noreg var Myrkvastofa heilt frå mellomalderen kjent som ein stad der folk blei haldne i fangenskap. Dei blei og brukte til å passivisera utagerande einskildindivid. På 1500-talet blei dårekistene etablerte som eit eige avlukke for arrestantar med ei vanskeleg åtferd. På slutten av 1700-talet kom dollhusa der dei galne altså blei samla på eigne anstaltar, fortel ho.

- Ein viktig faktor i denne utskiljinga var eit endra syn på naturen i opplysningstida, og press frå tvangsanstaltane som ville bli av med ein del av klientellet som laga mykje trøbbel for dei. Det har vore interessant å sjå korleis utskiljinga har gått føre seg og når ein kan seia at dei galne blir etablerte som eigen sosial kategori. Legane kom til anstaltar som alt eksisterte og som hadde vore tema for reformdiskusjonar i mange tiår mellom opplyste menneske fleire stader, har Blomberg oppdaga.

- Særanstaltane som blei kalla dollhus, eksisterte heilt til asyla kom på 1800-talet. Dette var ein del av legane sitt profesjonsutbyggingsprosjekt, der dei sikra seg monopol på ansvaret for dei som blei rekna som galne. Dei første medisinstyrte anstaltane som fekk autorisasjon etter den nye sinnsjukelova, var Christiania asyl og Mentalen i Bergen i 1850. Fem år seinare opna Gaustad, som var det moderne og formålsbygde statsasylet, fortel Wenche Blomberg.

Emneord: Forskning Av Martin Toft
Publisert 1. okt. 2002 11:14 - Sist endra 10. des. 2008 15:06

Logg inn for å kommentere