Truleg dom mot kvinneprofessorat

- EFTA-domstolen vil truleg slå fast at Noreg bryt lova om likebehandling av kjønna på grunn av øyremerkinga av professorat for kvinner. Det kan også få konsekvensar for den norske likestillingslova, spår likestillingsrådgjevar Lise Christensen ved UiO.

- Noreg må truleg endra likestillingslova etter ein negativ dom i EFTA.domstolen, seier likestillingsrådgjevar Lise Christensen, UiO.
Foto: Ståle Skogstad

Den 18. oktober byrjar EFTA-domstolen behandlinga av saka der Noreg er klaga inn for brot på lova om likebehandling av kjønna på grunn av praktiseringa av øyremerking av professorat for kvinner. Ein dom vil falla ein gong ut på nyåret, og i tilfelle Noreg får ein dom imot seg, vil dette få store fylgjer for norsk likestillingspolitikk, meiner likestillingsrådgjevar Lise Christensen.

Likestillingslova

- Det vil for det første seia at det ikkje lenger vil vera mogleg å lysa ut professorat øyremerka for kvinner for å utjamna fordelinga av menn og kvinner i Akademia. For det andre vil det også få fylgjer for den norske likestillingslova som opnar for å gi kvinner positiv særbehandling i høve til menn i stillingar der kvinner er underrepresenterte, påpeikar Christensen.

I dag finst det åtte professorat ved Universitetet i Oslo som er øyremerkte for kvinner. Fem av dei er finansierte direkte frå Utdannings- og forskingsdepartementet, medan tre av dei er professorat som UiO finansierer av eigne midlar. Kollegiet ved UiO vedtok i mars 2000 ein handlingsplan for likestilling som slår fast at det kvart år frå 2001 og fram til 2004 skal øyremerkast tre faste vitskaplege stillingar for kvinner, til saman tolv stillingar. Alle desse stillingane skal gå til mannsdominerte fagområde.

Det var dette vedtaket som blei klaga inn for Likestillingsombodet av seks stipendiatar ved HF. Klagarane fekk ikkje medhald frå Likestillingsombodet, noko som førte til at stipendiat Dag Øystein Endsjø ved Institutt for kulturstudiar sende klaga vidare til kontrollorganet ESA som overvakar EØS-avtalen mellom EU og EFTA-landa.

I mai i år konkluderer ESA med at Noreg bryt EØS-reglane og klagar Noreg inn for EFTA-domstolen. Denne domstolen vil ikkje gjera noko som går imot tidlegare dommar i EU-domstolen, og vil truleg be Noreg om å oppheva politikken med øyremerking av professorat for kvinner, meiner Lise Christensen.

Vanskeleg å forsvara

- Positiv særbehandling av kvinner er svært vanskeleg å forsvara i høve til EU-domstolen sin tidlegare praksis. Difor kjem ikkje EFTA-domstolen til å fortolka lovene meir radikalt, fordi den heile tida vil sjå på kva vedtak EU-domstolen har gjort i tidlegare saker, seier UiOs likestillingsrådgjevar.

Samtidig viser ho til at EU-kommisjonen har pressa på for å få gjort enkelte grep som kunne ha betre kjønnsbalansen innanfor forskingsinstitusjonane.

- EU-kommisjonen vil endra ein artikkel i EØS-direktivet om likebehandling mellom kjønna for å kunna få til ei betre fordeling mellom mann og kvinner i enkelte yrkesgrupper, men til no har utgangspunktet til EU-domstolen vore at mann og kvinne skal behandlast likt ved alle høve, og den har aldri akseptert forskjellsbehandling.

-I Noreg har den norske likestillingslova opna for forskjellsbehandling for den underrepresenterte parten, som regel kvinna, medan hovudmålet heile tida har vore å betre stillinga til kvinna. Denne politikken har både Stoltenberg-regjeringa og Bondevik II-regjeringa forsvart overfor EU, fortel Christensen.

Nye verkemiddel

Ein negativ dom mot Noreg vil gjera det til ei enda større utfordring å rekruttera kvinner til fagområde som i dag blir dominerte av menn.

- Det vil føra til at me kjem til å leggja oss enda meir i selen for å oppfordra kvalifiserte kvinnelege kandidatar til å søkja ledige professorat. Den "nye" likestillingspolitikken kan dermed opna opp at det blir tatt i bruk verkemiddel som ikkje er så gjennomsiktige og opne som øyremerking har vore. Det er mogleg at kritikarane av tiltaket ikkje har tenkt på akkurat det poenget, seier Christensen.

Dette har skjedd:

- 7. mars 2000: UiOs handlingsplan for likestilling 2000-2004 blir vedtatt av Kollegiet. Vedtaket inneber øyremerking av tolv professorat for kvinner.

- kort tid etter klagar seks stipendiater ved HF saka inn for Likestillingsombodet.

- klagarane får ikkje medhald frå Likestillingsombodet. Ombodet støttar UiO i at øyremerking er eit veleigna tiltak.

- sommaren 2000: statsråd Trond Giske annonserer at han vil øyremerkja professorat for kvinner på neste års statsbudsjett.

- seinsommar/haust 2000: Dag-Øistein Endsjø, ein av HF-stipendiatane, sender klaga over UiOs øyremerking av stillingar til kontrollorganet ESA.

- hausten 2000: Statsbudsjettet 2001 blir vedtatt med 20 øyemerkte professorat for kvinner
og fleire øyremerkte postdok-stillingar til alle universitet og vitskaplege høgskular.

- hausten 2001: regjeringsskifte. AP-regjeringa - og statsråd TrondGiske - går, inn kjem borgarleg koalisjonsregjering med statsråd Kristin Clemet frå Høgre.

- februar 2002: Clemet svarar i Stortingets spørjetime at ho vil halda fram den norske linja i saka.

- mai 2002: ESA konkluderer med at Noreg har brote EØS-reglane og stemner Noreg inn for EFTA-domstolen.

- norsk tilsvar blir levert til ESA i slutten av juni 2002. Regjeringsadvokaten og UD skal føra saka på vegner av Noreg.

- saka kjem opp for domstolen 18. oktober. Dom skal etter planen falla på nyåret. Dom vil vera endeleg og kan ikkje ankast.

Emneord: Universitetspolitikk, Likestilling Av Martin Toft
Publisert 20. sep. 2002 11:50 - Sist endra 10. des. 2008 15:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere