Sporveien lovar å fjerna farleg sementblokk

Sidan måndag morgon har det lege ei mange hundre kilo tung sementblokk midt i trappa på Blindern T-banestasjon. -Ingen veit korleis den har kome dit, men Sporveien skal fjerna blokka med heisekran i løpet av onsdag 18. september, lovar informasjonssjef Bjørn Rydmark.

Reisande med T-bana må hoppa over denne blokka på Blindern T-banestasjon.
Foto: Martin Toft

Den store sementblokka er plassert midt i trappa til perrongen for dei reisande som skal til sentrum. Dei siste dagane har den skapt kork og utgjort ein stor fare for alle dei personane som kjem eller drar frå universitetet med T-bana.

- Me blei gjort merksame på denne store sementblokka måndag 16. september, og det meste av tida har me brukt til å prøva å finna ut kven det er som har plassert ho der. Så langt har me funne ut at ingen andre kommunale etatar har gjort det, så mysteriet er enno ikkje løyst. Men i løpet av onsdag 18. september vil det koma folk frå Sporveien for å fjerna sementblokka med heisekran, seier informasjonssjef Bjørn Rydmark til Uniforum. I mellomtida vil Uniforum råda alle dei reisande til å ta gangvegen i staden for trappa.

Av Martin Toft
Publisert 17. sep. 2002 17:48 - Sist endra 10. des. 2008 15:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere