Skal forska på identitet i Stillehavet

Fem forskarar frå Universitetet i Oslo og Kon Tiki-museet startar no opp eit stort, tverrfagleg forskingsprosjekt i Stillehavet. Noregs forskingsråd har løyvd åtte millionar kroner til denne forskinga, medan UiO og Kon Tiki-museet har lagt like mange millionar på bordet.

Forskingsprosjektet som skal gå over seks år, skal undersøkja korleis flytting frå ein stad til ein annan, frå ein kultur til ein annan, påverkar identiteten til mennesket og kjensla av å høyra til ein stad. Oceaniaprosjektet er eit samarbeid mellom faga arkeologi, antropologi og lingvistikk. Formålet er å undersøkja veremåten til menneska både historisk, kulturelt og språkleg i ein annan samanheng enn den anglo-amerikanske og vestlege. Prosjektet blir leia av forskingsleiar, Ingjerd Hoëm ved Kon Tiki-museet. I tillegg deltar antropolog Arne Perminow, UiO, språkvitar Even Hovdhaugen, UiO og stillehavsarkeologane Helene Martinssson-Wallin og Paul Wallin frå Kon Tiki-museet.

Tar kulturen med seg

- I norsk kultur er tilknytinga til plassen du kjem frå svært viktig for identiteten din. På øyane i Stillehavet kan folk skapa den staden dei kjem frå på nytt på den staden dei flyttar til. Dermed får staden du kjem frå noko heilt anna å seia sidan både kulturen og heimbygda kan transporterast som ein del av bagasjen til ein ny plass. Det får også sjølvsagt mykje å seia for korleis dei som allereie bur der tar imot innflyttarar. Derfor trur me at den forskinga me skal driva med i dette området, kan bringa fleire nye tankemåtar inn i den norske innvandringsdebatten, seier Hoëm. Ho viser til at omgrepet identitet har fått ein negativ klang i Noreg.

- Med globaliseringa blir verda mindre og flyttar heile tida på seg. For mange nordmenn er det problematisk i seg sjølv at folk flyttar på seg.Me synest at dette er eit heilt skeivt bilete av kva det inneber å flytta på seg. Difor ynskjer me å samla inn røynsle frå øyane i Polynesia og Mikronesia der folk har flytta på seg gjennom mange hundre år, forklarar Hoëm og lingvistikkprofessor Even Hovhaugen, UiO.

Dei viser til at i Noreg har Stillehavet først vore synonymt med norsk kvalfangst og frå slutten av 1940-talet og utover med ekspedisjonane til eventyraren Thor Heyerdahl. Forskarane håpar dette prosjektet kan vera med og visa at folka i Stillehavet også kan gi oss andre verdiar og impulsar.

Tredelt forsking

Forskinga vil vera tredelt, med språkforsking på Salomonøyane, med antropologisk forsking på Samoa og Tonga og med arkeologiske utgravingar på Påskeøya. For Even Hovdhaugen blir det interessant å forska på kvifor det er så store språklege skilnader innanfor eit lite område enkelte stader, medan det er store likskapar mellom språka til folk som bur svært langt ifrå kvarandre.

- På Solomonøyane er det 64 forskjellige språk og ein eksplosjon av kulturelle og språklege variantar. På ei øy bur det til dømes berre 350 personar, men ingen av desse personane hadde ein felles måte å danna fleirtal av verb på. Samtidig på øya Samoa med 100 000 innbyggjarar, finst det ingen dialektskilnader, berre enkelte små skilnader i måten å snakka på avhengig om du tilhøyrer overklassen eller ein annan klasse, føreles Hovdhaugen.

Delekultur

Antropolog Arne Perminow trur årsaka til at ulikskapane og likskapane har kunne leva side om side i Polynesia kan ha noko å gjera med den sosiale strukturen i desse samfunna.

- Medan ulikskap og konkurransepreg har dominert Vestens kultur, deler dei polynesiske folka konsekvent på ressursane. Dersom ein person får meir enn ein fisk, skal han dela med resten av landsbyen. I enkelte landsbyar blir til og med femmenningar rekna som søsken. Om det kjem ein bror eller ei syster og tar dine ting, kan du ikkje protestera. Då vil du vera eit forderva menneske, fortel Perminow. Likevel er det ikkje like paradisiske tilstandar i heile dette området.

- Ei litt overdriven skildring av skilnadane på folket på desse øyane går ut på at medan ein person på ei øy som treff ein annan person med eit språk som liknar litt på hans eige, vil rekna denne personen som ein fjern slektning, medan ein person på ei anna øy som treff ein person med ei anna tatovering enn han sjølv, kunne tenkja seg å slå han i hel på grunn av det, fortel Hovdhaugen. Forskarparet Helene Martinsson-Wallin og Paul Wallin skal driva arkeologiske utgravingar på Påskeøya der dei også skal utdanna lokale arkeologar.

Folket kontra kulturarven

- Me vil også sjå nærare på det problematiske i at folket på Påskeøya står i vegen for kulturarven, altså dei store steinfigurane eller langøyrene på øya. Det er også interessant å observera korleis folket der meir og meir identifiserer seg med dei andre folka i Polynesia. Dessutan er dei med i Verdas Urfolksråd saman med blant andre norske samar, seier Helene Martinsson-Wallin og Paul Wallin.

Alle ynskjer at dei gjennom denne forskinga også kan få gi noko tilbake til folket i dette området. Dei viser til at grammatikken som Even Hovdhaugen skreiv etter førre forskingsopphald på Samoa no blir brukt i grunnskulen på den stillehavsøya.

Fakta om Oceaniaprosjektet:

- skal undersøkja korleis flytting frå ein stad til ein annan, frå ein kultur til ein annan på øyane i Stillehavet havet har påverka identiteten til eit menneske og kjensla av å høyra til ein stad
- samarbeidsprosjekt mellom Kon Tiki-museet og UiO
- får til saman 16 millionar kroner til det seks år lange prosjektet
- samarbeid mellom faga arkeologi, antropologi og lingvistikk
- prosjektleiar er Ingjerd Hoëm frå Kon Tiki-museet

Emneord: Forskning Av Martin Toft
Publisert 6. sep. 2002 09:22 - Sist endret 10. des. 2008 15:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere