- Lånekassen bør finansiera Ph.D.-kandidatar

- Me bør drøfta om ikkje Ph.D.-kandidatar i framtida også kan finansierast med lån og stipend i Statens lånekasse for utdanning. Det seier forskingsdekan Torill Steinfeld ved Det historisk-filosofiske fakultetet ved UiO.

- Det må bli mogleg for Ph.D.-studentar å få finansiert studiane sine med lån og stipend i Lånekassen, meiner forskingsdekan Torill Steinfeld ved HF-fakultetet.
Foto: Martin Toft

- Dagens stipendordning gir nemleg for få kandidatar i høve til dei behova som me må rekna me vil melda seg både på universitet og høgskular og andre stader i åra framover, seier Steinfeld til Uniforum. I dag må dei fleste som tar ein doktorgrad, søkja om eit offentleg stipend for å kunna finansiera dette studiet. I høve til etterspurnaden er det for få stipend.

- Me treng dei stipendiatstillingane me har og fleire med. Skal me kunne konkurrera om dei beste kandidatane og sikra og fremja kvaliteten i norsk forsking, må universitetet kunne by på gode vilkår for stipendiatar. "Problemet" er at det finst langt fleire sterke søkjarar enn stipendiatstillingar, og slik må me rekna med at det framleis vil bli.

- Og kvifor kan ikkje nokre av dei midlane som ein sparer på å korta ned studietida nyttast til å gi fleire høve til Ph.D-utdanning? spør Steinfeld.

- No er det jo slik at ved nokre institusjonar/fakultet kan ein få plass på forskarutdanningsprogramma med eigenfinansiering, men andre stadar er dette ikkje mogleg. Lån og stipend frå Lånekassen kan vere ei god ordning for mange som vil ha slik utdanning, men som ikkje får stipendiatstilling og heller ikkje sjølve har råd til å finansiere livsopphaldet sitt desse åra. Og det er allmenn semje om at me treng fleire med forskarutdanning i Noreg, minner ho om.

For dårleg treffprosent

Professor Bjørn Ramberg ved Filosofisk institutt støttar framlegget til Torill Steinfeld.

- Dagens finansieringsordning er svært god for dei få som får stipend, men me har behov for langt flere personar i Ph.D.-utdanninga enn denne ordninga tillét. Grunnen er at treffprosenten ved opptak aldri blir perfekt. I dag tar me opp så få kandidatar at me risikerer å stengja ute store forskartalent. Me treng større program med breiare konkurranse. Difor er eg einig i at Ph.D.-kandidatar bør kunna få finansiert studia sine ved hjelp av lån og stipend i Lånekassen, seier filosofiprofessoren.

- Men me bør også i langt større grad enn i dag finansiera kandidatar ved å bruka dei som lærarar og seminarleiarar for andre studentar. På den måten vil dei også få pedagogisk trening som ein del av utdanninga, meiner Ramberg.

Ikkje prioritert hos Lånekassen

Fagdirektør for forskrifter hos Statens lånekasse, Vigdis Mosseng, opplyser til Uniforum at eit slikt forslag ikkje er på prioriteringslista til styret for Lånekassen.

- Fram til 1995 var det faktisk ei ordning med studiestøtte til alle doktorgradskandidatar. Seinare kom det krav om at kvar doktorgradskandidat skulle vera fullfinansiert. Dermed fall den ordninga bort, fortel ho før ho kastar ballen vidare til Utdannings- og forskingsdepartementet. Der får me svar hos Rolf L. Larsen som er avdelingsdirektør i Universitets- og høgskuleavdelinga.

- Det vil nok heller ikkje i framtida vera høve til å få finansiert doktorgradsstudiene med lån og stipend i Statens lånekasse. Lånefinansiering av minst fem år med bachelor- og masterstudiar og tre eller fleire år med doktorgradsstudiar, ville gi eit samla studielån som ville vera så stort at det verken ville vera samfunnsøkonomisk lønsamt eller lønsamt for låntakaren, er Larsen overtydd om.

Likevel er han samd med Steinfeld i at behovet for stipendiatar er mykje større enn talet på stipend.

Vil auka stipendiatstillingar

- Viss du les regjeringa sin rekrutteringsplan for stipendiatar frå i vår, så vil du finna ut at regjeringa vil gjera noko med stipendiatmangelen. Det vil også gå klart fram av løyvingane til stipendiatstillingar i statsbudsjettet for 2003, som blir lagt fram 3. oktober. Når me bestemmer oss for vidare tildelingar til stipendiatstillingar, vil me også skjela til gjennomføringsgraden ved kvar institusjon. Men på kva fagområde desse pengane skal brukast, ja, det kan institusjonane få bestemma sjølv, lovar avdelingsdirektør Rolf L. Larsen.

Emneord: Forskningspolitikk, Forskning, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 24. sep. 2002 15:58 - Sist endra 10. des. 2008 15:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere